Med AvtaleGiro blir dei faste rekningane dine trekt automatisk frå kontoen din på forfallsdato.
Slik opprettar du AvtaleGiro
- Betal rekningen på vanleg måte i nettbanken.
Når du har stadfesta betalinga, får du tilbod om å oppretta AvtaleGiro dersom mottakaren tilbyr dette. - Du kan når som helst gå inn på «Forslag til betalingsavtalar» i nettbanken og oppretta avtalen der. Eventuelt ta med deg rekningen i banken, så opprettar me avtalen for deg.
Kombiner AvtaleGiro med eFaktura
AvtaleGiro kan også kombinerast med eFaktura. Du får då fakturagrunnlaget elektronisk i nettbanken din, medan sjølve betalinga blir utført automatisk på forfallsdato som ein AvtaleGiro.