Gå til sideinnhold
Heim / Ulovleg pengespel

Ulovleg pengespel

Det er forbod mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har løyve frå norske styresmakter.

Berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har lov til å tilby pengespel i Noreg

I Noreg er det spelemonopol, det vil seie at det er Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som står for den «lovlege» pengespelaktiviteten. Men dette hindrar diverre ikkje speleselskap som er registrert i utlandet frå å kapre norske kundar. Dei sender reklamen sin på internett og TV-kanalar som sender frå utlandet, medan pengeinnskot overførast via ein tredjepart. Slik omgår dei regelverket.

Det er ikkje ulovleg å spele, men norske bankar har ikkje lov til å formidle innsats og gevinst i pengespel som ikkje har norsk løyve.

Rundt 250 000 nordmenn spelar pengespel for over 6 milliardar kroner hjå utanlandske pengespelselskap. Dette er selskap som ikkje har løyve til å marknadsføre eller tilby speleselskap i Noreg.

Grunnmuren i den norske pengespelmodellen er å verne sårbare grupper mot å bli speleavhengige.

Betalingsformidlingsforbodet er eit av tiltaka som skal stoppe desse selskapa, og jamfør forbodet skal norske bankar stoppe pengeoverføringar til og frå speleselskapa.

Banken stoppar utbetaling/innbetaling til konto

Spelarar kan oppleve at utbetalingar eller innbetalingar frå pengespel som ikkje har løyve i Noreg, blir avviste av banken. Banken har anten avvist transaksjonen på eige initiativ eller som følgje av Lotteritilsynets vedtak. Banken er plikta til å gjere dette i følgje norsk lov.

Betalingsformidlingsforbodet gjeld både betalingstransaksjonar til og frå pengespelselskap som ikkje har løyve i Norge, samt betalingstransaksjonar til og frå andre føretak som formidlar betalingstransaksjonar på vegne av pengespelselskap som ikkje har løyve i Noreg. Dette føl av pengespilloven, lotterilova og forskrift om pengespill.

Les meir på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet her.

Me ynskjer di tilbakemelding!