Gå til sideinnhold
Heim / Svindel

Svindel

For tida blir mange utsett for svindelforsøk. Svindel er ikkje eit nytt fenomen, men svindlarane blir lurare og forsøka deira er vansklegare å oppdage.

Kontakt banken i opningstida


Tlf. +47 57 68 27 00
Kontakt oss

Kontakt sperretenesta utanfor banken si opningstid


+47 21 49 23 92

Unike passord

Sørg for at du har ulike passord for BankID, e-post, sosiale medium og andre kontoar.

Mistenker du at du er utsett for svindel?

  • Kontakt banken i våre opningstider eller sperretenesta så raskt som mogleg.
  • Anmeld forholdet til politiet.

Gode råd for å unngå å bli svindla

Me oppmodar alle våre kundar til å vere ekstra påpasselege mot svindelforsøk

En kvinne med rosa neglelakk skriver på sin mobil. Foto

Aldri gje frå deg passord til Nettbank eller BankID

Verken politi, bank eller Skatteetaten treng å vite ditt passord.

Eldre kvinne snakker med mulig svindler i telefonen. Foto

Typiske svindelforsøk:

  • Du blir oppringt av «Politiet» eller «Økokrim» som seier dei har vore i kontakt med banken din. Dei ber deg så om innloggingsdetaljar. Politiet vil aldri be om passord til BankID eller nettbanken din.
  • Du blir oppringt av «svindelansvarleg» i banken og vedkommande ber om innloggingsdetaljar for å stoppe at nokon tek opp lån i ditt namn. Banken skal aldri få vite passord til nettbanken eller BankID.
  • Du mottek sms’ar og e-postar som inneheld mistenkjelege lenkjer. Om du mottek ein sms eller e-post med ei lenkje som ser ukjend ut, aldri klikk deg vidare. Stopp opp og tenk over kva du trykker på og forventar å få. Gå gjerne i din eigen nettlesar og opne offisielle nettsider framfor å bruke lenkjer tilsendt på sms.
  • Mange blir svindla i samband med kjøp/sal av køyretøy på Finn.no. Du kan få ein sms/e-post frå nokon som utgir seg frå å vere Statens Vegvesen. Meldinga kan innehalde informasjon om at kjøparen har starta omregistrering av køyretøyet. Vidare har du fått varsel om å på kort tid gjennomføre omregistrering via lenkje sendt på sms. Når ein klikkar seg inn på lenkja kjem ein til ei nettside som er veldig lik vegvesenet si. Du legg inn kortdetaljar og prøver å logge deg inn med BankID, men ingenting skjer. Slik har svindlaren fått tak i informasjonen din, og i verste fall kan du ha godkjent transaksjonar som ikkje er knytt til eit reelt kjøp eller du kan ha godkjent kjøpa til svindlaren. Stopp opp og tenk over kva du trykker på og forventar å få. Gå gjerne i din eigen nettlesar og opne nettsider derifrå framfor å bruke lenker tilsendt på sms.
  • Du får inkassokrav eller faktura på sms. Desse inneheld ei lenkje, og deretter må kunden på ei nettside godkjenne noko med BankID fleire gonger på rad. Då godkjenner du i desse tilfella ofte heilt andre beløp enn det du trur det er, eller så får svindlarane tilgang til kontoane dine eller nettbanken.
  • Du får tilbod om å hjelpe nokon med å vinne ein fotokonkurranse på sosiale medium, du blir vidare lurt til å stemme via ei nettside du får lenkje til. På nettsida må du legge inn BankID for å bevise at du ikkje har stemt før. Stopp opp og ring/send sms til vedkommande for å høyre om det verkeleg er ein fotokonkurranse eller om vedkommande er hacka.
  • Du mottek rekningar på varer eller tenester du ikkje har bestilt, eller du ser transaksjonar i nettbanken du ikkje kjenner til. Ta kontakt med banken om du er i tvil.
  • Du mottek stadfestingar på kreditt eller lån utan å ha blitt spurd på førehand. I form av brev, e-post eller varsel i andre kanalar som du ikkje kjenner til. Ta kontakt med banken eller den relevante parten.
  • Du mottek varsel om at adresseendring er mottatt. Om dette er ukjend, sjekk kva adresse som er registrert på deg på i folkeregisteret og ta kontakt med banken.

Stopp opp!

Tenk deg alltid om før du klikkar på ei lenkje, og tenk over kva informasjon du deler med kven.

Videoane frå Politiet under er døme på korleis svindlarane kan utgje seg for å vere frå banken, politiet eller Økokrim.

Er du blitt utsett for ID-tjuveri? Les gode råd frå Datatilsynet her.

nettvett.no sine heimesider kan du lese meir om typiske svindelmetodar og sjå bilete frå ulike typar svindel i omløp.

Randi Aarøy Nundal

Kontakt oss gjerne om det er noko du lurer på

Me ynskjer di tilbakemelding!