Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Nettbank

Nettbank

Kvinne sjekker nettbanken på en pc. Foto

Nettbanken gjev deg full kontroll over alle banktenestene dine, heile døgnet via PC, nettbrett eller mobil.

Full oversikt

Med nettbank kan du sjekke saldo, sjå kontoutskrifter, sparing i fond/aksjar og forsikringar.

Gjere det meste sjølv

Du kan gjere dei fleste banktenester sjølv i nettbanken, slik som å betale rekningar, opprette e-faktura eller kontoar og bestille bankkort.

Enkelt

Du treng berre ein nettbankavtale og ei kodebrikke.

Slik får du nettbank på 1-2-3

  • Kontakt banken
  • Du får tildelt brukarnamn og passord
  • Kodebrikke blir sendt til deg i posten

Når dette er på plass er du klar til å bruke nettbanken.

Korleis logge inn i nettbanken

Det er tre måtar å logge seg inn i nettbanken på:

  • Med personleg kode og kodebrikke
  • Med BankID og kodebrikke
    • Du kan nytte BankID-appen i staden for kodebrikke.
  • Med BankID på mobil og kode på mobilen

Ei kodebrikke er ikkje det same som BankID

Ei avtale om BankID må du bestille i tillegg til avtale om nettbank.

Ein BankID har fleire bruksområder. Du kan nytte den til å logge deg inn i nettbanken og på fleire offentlege portalar. I tillegg kan du signere avtalar elektronisk.

Kvinne sjekkar nettbanken sin på en pc. Foto

Trygg nettbank –
5 gode råd til deg

Klikk her for å lese meir
Eldre mann sjekker mobilbanken for saldo og regninger. Foto

Bruk banken akkurat når det passar deg

Klikk her for å lese meir om vår Mobilbank

Ofte stilte spørsmål om nettbank

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på BankID sine nettsider her.

Korleis får eg nettbank?

Nettbank bestiller du ved å kontakte banken. Du får eige brukarnamn og me bestiller kodebrikke til deg. Kodebrikka blir sendt per post.

Når du har motteke kodebrikka kan du logge inn i Nettbanken. Ved pålogging første gong treng du eingongspassordet du fekk tilsendt på SMS eller e-post då du oppretta nettbankavtalen. Når du tastar dette passordet, blir det opna eit nytt vindauge der du får beskjed om å lage eit personleg passord for vidare innlogging i Nettbanken.

Kva påloggingsalternativ skal eg bruke?

Du kan bruke dei ulike påloggingsmetodane om kvarandre forutsett at du har bestilt BankID og/eller BankID på mobil.

Dersom du ikkje har bestilt BankID skal du bruke  «Utan BankID»

Korleis loggar eg meg på nettbanken med passord?

For å logge på nettbanken treng du:

  • Brukarnamn – Fødselsnummer (11 siffer)
  • Nettbankpassord
  • Eingangskode frå kodebrikka
Korleis loggar eg meg på nettbanken med BankID

Ønskjer du å logge på med BankID treng du:

  1. Fødselsnummer
  2. Eingangskode frå kodebrikka eller BankID app (last ned frå App Store eller Google Play)
  3. BankID-passord

Det er ei forutsetjing at du har bestilt BankID i nettbanken, eller har BankID frå anna bank.

Er det første gong du skal logga på med BankID, må du bruke eingangspassordet du mottok på e-post då du bestilte BankID.

Korleis loggar eg meg på nettbanken med BankID på mobil?

For pålogging med BankID på mobil brukar du:

  • Mobilnummer og fødselsdato
  • ID-PIN, 4-8 siffer

ID-PIN er koden du sette då du bestilte BankID på mobil i nettbanken.

Det er ei forutsetjing at du har bestilt BankID på mobil via nettbanken, eller har BankID på mobil frå anna bank før du kan velje dette som påloggingsalternativ.

Korleis endrar eg beløpsgrensa for transaksjonar i nettbanken?

Beløpsgrensa for betalingar i nettbank og mobilbank kan du sjølv endra i nettbanken under Meny – Innstillingar – Betalingsinnstillingar.

Kontakt oss viss du treng høgare utvida grense enn du kan setja sjølv.

Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?

Alle norske nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.

For å vite kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo. Om du til dømes vil sjekke saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.

Eg manglar ein konto som eg disponerer i nettbanken. Kva gjer eg?

Det er ikkje alltid at den nye kontoen du disponerer automatisk blir knytta opp mot Nettbanken. I så fall må du sjølv kontakta banken for å gje beskjed.

Under Meny – Innstillingar – Kontoinnstillinger kan du velja kva kontoar som skal vera synlege i Nettbanken. Dei same kontoane vil også vera synlege i Mobilbanken.

Korleis sperrar eg nettbanken min?

Sperretenesta er open 24/7

Sjå Sperre kort og andre tenester

Eg trur nettbanken min er sperra. Kva gjer eg?

Du har kanskje tasta for mange gonger feil passord eller brukt feil Nettbank-brikke. Kontakt banken så hjelper me deg.

Kva gjer eg når kodebrikka ikkje virkar meir?

Kontakt banken så bestiller me ny kodebrikke til deg.

Når skjer overføring av pengar mellom kontoar?

Avrekningstidspunkt

Betalingar mellom kontoar i same bank skjer straks.

Nyttar du Straksbetaling i nettbanken vil også betalingen gå med ein gong.

Betaling til konto i annan bank:
Det er innført fem daglege oppgjer, frå måndag til fredag, for betalingstransaksjonar innland, gjeldande for både Nettbank og Mobilbank. Dette betyr at betalingar går fleire gonger dagleg. Mottakaren kan tilsvarande få pengane raskare inn på konto.

Betalingar må vera registrerte før følgjande tidspunkt:

  • kl 06:30
  • kl 09:30
  • kl 11:30
  • kl 13:30
  • kl 15:30
Korleis opprettar eg ein disponent?

Som disponent får ein høve til å sjå saldo, overføre og betale frå kontoen.

Slik legg du til ein disponent for din konto

  • Logg deg inn i nettbanken
  • I hovudmeny vel du «Kontoar» og «Gi andre tilgang til konto»
  • Her får du så oversikt over eigne kontoar du disponerer og kan enkelt legge til fleire disponentar på dine kontoar. Oversikta inneheld også kontoar du har fått disponentfullmakt til av andre.
  • Kontoar du disponerer, også på vegne av andre, vil bli synleg i din eigen nettbank/mobilbank.

Me ynskjer di tilbakemelding!