Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / eFaktura

eFaktura

eFaktura logo. Illustrasjon

Opprettar du eFaktura så får du rekningane dine rett i nettbanken din. Du slepp unødvendige fakturagebyr.

Unngå gebyr

Med eFaktura unngår du unødvendige fakturagebyr.

Alle rekningar inn på ein stad

Du får alle rekningar direkte inn i nettbanken din så lenge avsendar støttar eFaktura. Du får også sjå Fakturagrunnlaget.

Enkelt

Når eFakturaen kjem så vel du kva konto du vil betale den frå og godkjenner den.

Kva er eFaktura?

Med eFaktura får du alle rekningane dine direkte inn i nettbanken din i staden for at dei kjem som papirbrev i posten. Dette gjeld så lenge avsendar støttar eFaktura.

Når rekninga kjem inneheld den heile fakturagrunnlaget og spesifikasjonane, du treng berre å velje kva konto du vil betale rekninga frå og godkjenne den. KID-nummer og annan betalingsinformasjon er førehandsutfylt. Du har likevel moglegheita til å endre både forfallsdato og beløp.

eFaktura vert enno enklare!

Frå 15. mai 2022 må du som eFakturakunde gje ein generell aksept for eFaktura for å kunne halde fram med å vere eFaktura-brukar. For å gje ein generell aksept må du logge inn i nettbanken ved å klikke på knappen under, og krysse av for «Ja takk til alle». Du vil då automatisk få eFaktura frå alle tilbydarar som tilbyr det. Dersom du ikkje gjer dette innan 15. mai vil du ikkje lenger få eFaktura i nettbanken din.

Dersom du ynskjer å reservere deg for å motta eFaktura frå enkelte tilbydarar, kan du legge inn desse under «reservasjonar» i nettbanken.

Kombiner eFaktura med AvtaleGiro

eFaktura kan også kombinerast med AvtaleGiro. Du får då fakturagrunnlaget elektronisk i nettbanken din, medan sjølve betalinga vert utført automatisk på forfallsdato som ein AvtaleGiro.

Problem med eFaktura?

På eFaktura sine nettsider kan du finne ofte stilte spørsmål og svar

Dette lurer mange på om eFaktura

Kva er ein eFaktura?

Har du kryssa av for «Ja takk til alle» under eFaktura i nettbanken din vil du få den aktuelle rekninga ferdig utfylt direkte i nettbanken. Alt du treng å gjere er å logge inn og godkjenne. Denne typen avtale passar for deg som likar å ha full oversikt over rekningane og som ynskjer å sleppe fakturagebyr som ofte føl med vanlege giroar.

Korleis opprettar eg ein eFaktura-avtale?

Dersom du har kryssa av for «Ja takk til alle» under eFaktura i nettbanken, vil alle som tilbyr eFaktura sende den som eFaktura.

Eg har hatt eFaktura før, men no får eg faktura i posten?

Du må logge inn i nettbanken og sjå om du har kryssa av for «Ja takk til alle». Merk deg at ein eFaktura er personleg og vil kun bli sendt til den som står som fakturamottakar. Det er ikkje lenger mogleg å motta eFaktura som står i ein anna person sitt namn, sjølv om det er du som tidlegare har betalt den.

Kan eg endre beløp og forfallsdato på ein eFaktura?

Ja, du kan endre beløp, forfallsdato og kva konto som skal belastast.

Korleis blir eg varsla når eFakturaen skal betalast?

Når du inngår avtale om eFaktura får du spørsmål om du vil ha melding via e-post når rekninga vert send til nettbanken din.  I tillegg vil du få opp varsel i Nettbanken og i Mobilbanken.

Blir rekningane mine betalt automatisk på forfallsdato med eFaktura?

Nei, dersom du kun har eFaktura hjå ein mottakar, må du sjølv godkjenne betalinga i Nettbanken eller i Mobilbanken.

Me ynskjer di tilbakemelding!