Gå til sideinnhold

Bankkort

Et bankkort blir satt inn i en betalingsterminal. Foto

Me hjelper deg med kort slik at du får ein enklare kvardag. Me har fleire bankkort tilpassa ulike behov og bruksområde.

Kontaktlaus betaling

Du kan nytte alle nye bankkort til kontaktlaus betaling.

Regionsperre

Du kan sperre for handel i visse regionar eller for all netthandel.

God oversikt

I nettbank og mobilbank vil du ha oversikt over kort, betalingar og regionsperrer.

Våre betalingskort

Vel eit kort som passar til ditt behov.

BankkortVisa ClassicUngUng med netthandel
Aldersgrense18 år8 år15 år
Kontaktlaus betalingJaJaJa
Gratis og gebyrfri bruk i NoregJa*JaJa
Bruk i utlandetJaJaJa
Bruk i minibankarJaJaJa
Kjøp i butikkJaJaJa
Kjøp på internettJaNeiJa
Kan sjekke saldo, betale og overføre pengar i mobilbank**JaJaJa
Foreldre får oversikt i sin nettbank over kontoen til barnet/ungdommenJaJa
* Så lenge du er Nettobank-kunde.
** Så lenge du har nettbank.
Hugs å sjekke beløpsgrenser for ditt kort i ofte stilte spørsmål og svar.
Mastercard Gold kredittkort. Foto

Mastercard er eit kredittkort og kan vere eit supplement til ditt vanlege Visakort.

Les meir om Mastercard her
Randi Aarøy Nundal

Snakk med oss dersom det er noko du lurer på eller treng hjelp til!

Kvinne ser på mobil og pc. Foto

Nokre gode råd om bruk av bankkort

Klikk for å lese meir
Hvit sparegris på et bord. Foto

Spar litt kvar gong du dreg bankkortet

Les meir og opprett småsparing

No lurar mange på

Kvar finn eg PIN-koden til kortet mitt?

Du kan finna PIN-koden din ved å logga deg inn i nettbanken.

  • På bankkortet finn du informasjonen du treng for å henta ut PIN-koden.
  • Logg inn i nettbanken. Klikk på «Meny» og vidare «Kort»  og «Hente Pin»
  • Vel kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Denne tenesta er gebyrfri første gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.

Eg har fått nytt bankkort, korleis aktiverer eg det?

Det er 4 måtar å aktivere kortet på:

  • I butikk/minibank: Første gang du brukar kortet kan du sette det inn i kortterminalen og taste PIN-koden din. Du kan også aktivere bankkortet ved å bruke chip og PIN i ein minibank.
  • I mobilbank: vel i hovudmeny – kort – aktivere kort
  • I nettbank: vel kort – aktivere kort
  • Du kan også ringe banken for å få hjelp

Kvifor er ikkje bankkortet aktivert når eg får det?

Tidlegare var korta klare når dei blei sendt frå banken. Av omsyn til tryggleik må du no aktivere bankkortet før du kan nytte det til netthandel og betaling i appar.

Når korta blir sendt ikkje-aktiverte gjer me det vansklegare for uvedkommande å ta i bruk eit stole bankkort.

Kortet mitt er blitt misbrukt/svindla, kva skal eg gjere?

Dersom du mistenker svindel på kortet ditt, må du så raskt som råd sperre dette. Du finn meir informasjon her:

Klikk her for å gå til sida for Sperre kort og andre tenester

Kva er beløpsgrensa på mitt kort?

Kortet ditt vil komme med innebygde grenser for kor mykje pengar du kan ta ut eller betale med i ein gitt periode. Beløpsgrensene varierer etter kortypen.

Beløpsgrensene er også tilpassa alderen til eigaren, ein vil derfor kunne oppleve at grensa på kortet blir endra frå eit år til eit anna. Til dømes vil beløpsgrensene på eit bankkort av typen Ung bli endra når eigaren fyller 13 år.

Ung:

  • 8-13 år: Beløpsgrensene er tilpassa alderen, og barna kan bruke inntil 1000 kr pr veke
  • 13år- : Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke, av dette kr 2500 i minibank

Ung med netthandel:

  • Beløpsgrensa er kr 8000 pr. veke, av dette kr 2500 i minibank

Visa Classic:

  • Beløpsgrense minibank i Noreg: kr 9 900 pr. 4 dagar
  • Beløpsgrense varekjøp i Noreg: kr 99 999 pr. 3 dagar
  • Beløpsgrense minibank i utlandet: kr 15 000

Mastercard:

  • Inga beløpsgrense
Kva er regionsperre?

Regionsperre er ei gratis teneste tilgjengeleg for deg når du er innlogga i nettbank eller mobilbank.

Kortsvindelen aukar og vert stadig meir global. Kortet vert brukt til dømes i Europa, medan svindelen skjer frå heilt andre stadar i verda.

For å redusera risikoen for kortsvindel, gjer vi det mogleg for deg å sperra korta dine for bruk i minibankar og kortterminalar i dei delar av verda du ikkje oppheld deg. Har du ikkje planar om å reisa til til dømes Amerika eller Asia, kan du sperra kortet ditt for bruk i desse regionane. Sperringa opphevar du like enkelt.

Ved å ta i bruk tenesta er du med på å hindra kortsvindel.

Sperre for enkelte regionar: Legg du inn regionsperre på kortet ditt, kan du vere trygg på at kortet ikkje blir misbrukt i dei regionane du har sperra det for.

Sperre for netthandel: Du kan velje om korta du disponerer skal kunne nyttast til netthandel.

Enkel å bruke

Løysinga administrerar du enkelt sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.

Løysninga er enkel å bruka. Etter at du har logga på nettbanken, vel du «Meny» og vidare «Kort» og så «Regionsperre». Her kryssar du av for om ein region skal vere gyldig / ikkje gyldig. I Mobilbanken finn du Regionsperre under «Meir» og vidare «Fleire tenester»

Sperringa eller opphevinga trer i kraft umiddelbart etter at du har registrert den. Har du gløymt å fjerna regionsperra før du reiser, kan du logga deg på nettbanken eller Mobilbanken der du er eller ringja oss i opningstida på telefon +47 57 68 27 00.

NB! Du kan handla med kortet ditt på nettet uavhengig av regionsperra.

Ut å reise eller er du nett heimatte?

Det kan vere lurt å logge inn i nettbanken din og sjekke om du har aktive regionsperrer før avreise. Er det haka av for «ikkje gyldig» i regionen du reiser til, så vil du ikkje kunne nytta det aktuelle kortet ditt der. Det må stå som «gyldig» for at du skal kunne ta ut kontaktar i minibank eller betale for varer med kortet.

Korleis brukar eg kontaktlaus betaling?

Kontaktlaus betaling er klar til bruk så lenge du har gjennomført eit vanleg kjøp med kort i terminalen.

Slik betalar du

  1. Sjå at kortet og betalingsterminalen har dette symbolet:

2. Legg kortet («tæpp») inntil symbolet på terminalen til du høyrer eit pip.

3. No er kjøpet fullført. Er kjøpet over 500 kr må du også taste inn PIN-koden din.

Frå tid til anna vil du også bli bedt om å taste PIN-koden din for å stadfeste at du er rett eigar av kortet.

Eg har mista kortet mitt. Kva gjer eg?

Dersom du mistar kortet ditt, må du snarast sperre det.

Les meir her om sperre kort.

Eg har gløymt PIN-koden til kortet mitt.

Du kan finna PIN-koden din ved å logga deg inn i nettbanken.

  • På bankkortet finn du informasjonen du treng for å henta ut PIN-koden.
  • Logg inn i nettbanken. Klikk på «Meny» og vidare «Kort»  og «Hente Pin»
  • Vel kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Denne tenesta er gebyrfri første gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.

Kortet mitt fungerer ikkje.

Det kan vera fleire årsaker til at kortet ikkje fungerer tilfredstillande. Bruk av feil PIN-kode, skade på magnetstripe/chip og liknande.

Ta kontakt med banken.

Er det trygt å betale med kort på internett?

Ja, men du må beskytta datamaskina di og sjekka nettbutikken godt før du handlar. Dette bør du gjera:

  • Bruka antivirus-, antispionprogram og brannmur på datamaskina di
  • Ikkje legg igjen konto-, kort- eller personopplysningar i nettbutikker du er usikker på
  • Handla i kjende og seriøse nettbutikkar, og i nettbutikkar som har løysningar for å betala som Verified by Visa og MasterCard SecureCode.
Kva er CVV2/CVC2?

CVV2 / CVC2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.

Når du handlar med Visakort eller MasterCard på nett vil du bli spurd om kortnummer, utløpsdato og svært ofte CVV2-/CVC2-kode.

Me ynskjer di tilbakemelding!