Gå til sideinnhold
Heim / Lag og organisasjonar
Flere gutter i røde drakter og blå shortser omfavner hverandre for en prat på en fotballbane. Foto

Lag og organisasjonar

Har du verv i eit lag eller i ein organisasjon?Me kan hjelpe deg med konto, kort og smarte betalingsløysingar.

Me er ein samfunnsengasjert bank, som hjelper deg med å drive laget eller organisasjonen din på den beste måten.

Opprette konto

Alle lag og foreiningar må først ha eit organisasjonsnummer. Dette får ein ved å registrere seg i Brønnøysundregisteret.

Kontoen oppretter de på organisasjonsnummeret tildelt frå Brønnøysundregisteret.

Styret må vere registrert i Brønnøysundregisteret og me tilrår å registrere signaturrett/prokura, elles må heile styret signere på avtalane de ynskjer å inngå. Banken har høve til å gjere elektronisk oppslag mot registeret, så de treng ikkje å ta med utskrift.

Den/dei som skal disponere kontoen må legitimere seg enten med BankID eller pass dersom ein ikkje er kunde i banken frå før av. Kontoen blir tilgjengeleg i disponenten sin private nettbank. De vil her få oversikt over inn- og utbetalingar og bilaga vil ligge under arkiv.

Kort

Det er mogleg å knyte kort til din lags- eller organisasjonskonto, men kortet må vere knytt til ein disponent. Me tilbyr Visa Classic og EnterCard Business Gold til lag og organisasjonar.

Visa Classic er eit betalingskort utan kreditt knytt til din bedriftskonto. Dette kan nyttast i Norge, i utlandet og på nett.

Entercard Business Gold er eit kredittkort som gir deg betre fleksibilitet, der ein kan utsette betalinga til fakturaen kjem. Greit å bruke på reiser og i tilfeller der ein har mange innkjøp i det daglege.

Endre disponent

Hugs å oppdatere opplysningane i Brønnøysundregisteret ved endring i styret. Dette må gjerast før ein endrar disponent på kontoen i banken.

Dersom endringa er under registrering, kan banken i nokre tilfelle godta kopi av signert møtebok/årsrapport der det kjem fram kven som er medlemar av nytt styre.

Den nye disponenten, samt styret eller den med signaturrett/prokura må signere avtalen om å opprette disponent.

Brønnøysundregisteret har til ei kvar tid oppdatert informasjon om korleis ein kan registrere nye lag og organisasjonar, og korleis ein kan endre opplysningane der.

Kontantoppgjer

Dersom de mottek kontantoppgjer ved til dømes loddsal eller kiosksal, kan dette enkelt setjast direkte inn på kontoen via ein av minibankane våre.

De kan nytte eige Visakort til å setje inn pengar på kontoen til laget/organisasjonen.

Vel då «Andre tjenester» – «Seddel og mynt innskudd»

Kalkulator, henta frå pixabay free download

Nettbank for lag og organisasjonar

Les meir her
Eva Røneid

Snakk med oss om det er noko du lurer på

Spørsmålstegn på en tavle. Foto

Har du fått melding frå banken om å oppdatere kundeinformasjonen?

Klikk her for å sende inn
Vipps-logo. App for mobilbetaling enten frå konto eller kort. Illustrasjon

Enklare betaling med Vipps for lag og organisasjonar

Klikk her for å lese meir om Vipps
Flere gutter i røde drakter og blå shortser omfavner hverandre for en prat på en fotballbane. Foto

Me ynskjer å bidra til varierte aktivitetar

Klikk her for å sjå kva me er med på å sponse

Me ynskjer di tilbakemelding!