Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / AvtaleGiro

AvtaleGiro

AvtaleGiro logo. Illustrasjon.

Opprett AvtaleGiro og rekningane dine blir trekt automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Du treng ikkje å tenke på å godkjenne betalinga.

Smart og enkelt

Banken sørgar for at rekningane betalast automatisk på forfallsdato. Sidan rekningane alltid betalast i tide unngår du purringar og gebyr.

Kontroll

Du blir varsla minst 7 dagar før pengane blir trekt frå kontoen din. Varselet inneheld beløp og dato for betaling.

Fleksibelt

Du kan enkelt endre eller stoppe ein betaling i nettbanken eller i mobilbanken din.

Kva er AvtaleGiro?

Med AvtaleGiro vil dine faste rekningar automatisk bli betalt på forfallsdato frå kontoen din.

AvtaleGiro passar godt til faste utgifter, som lån, husleige, straum, avis, forsikring og kommunale avgifter.

Slik opprettar du AvtaleGiro

  • Betal rekninga på vanleg måte i nettbanken din. Når du har stadfesta betalinga får du tilbod om å opprette AvtaleGiro dersom mottakaren tilbyr dette.
  • Du kan når som helst gå inn på «Forslag til betalingsavtalar» i nettbanken og opprette avtalen der, eller du kan ta med deg rekninga i banken så opprettar me avtalen for deg.

Kombiner AvtaleGiro med eFaktura

AvtaleGiro kan også kombinerast med eFaktura. Du får då fakturagrunnlaget elektronisk i nettbanken din, medan sjølve betalinga blir utført automatisk på forfallsdato som ein AvtaleGiro.

Ulrik Slinde

Spørsmål? Me hjelper deg gjerne!

Problem med Avtalegiro?

På Avtalegiro sine nettsider kan du finne ofte stilte spørsmål og svar.

Dette lurer mange på om AvtaleGiro

Kva er AvtaleGiro?

Med avtalegiro inngår du ein avtale med bedrifta du handlar med at rekningane skal trekkast automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Du kan sjølv velja om du vil ha varsel i posten eller ikkje.

Ta gjerne ein kikk på AvtaleGiro.no

Korleis opprettar eg AvtaleGiro?
  • I Nettbanken – Når du betalar ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil det under menyen «Avtalegiro og eFaktura» komme opp forslag til AvtaleGiroar.  Her kan du også søke etter tilbydarar. Ved å akseptere tilbodet blir avtalen oppretta. Det kan ta litt tid før avtalen trer i kraft og rekningar du mottek i posten i mellomtida må betalast som vanleg.
  • På bedrifta si nettside – Fleire av bedriftene som tilbyr betaling med AvtaleGiro har tilrettelagt for at du skal kunne opprette AvtaleGiro på deira eigne nettsider.
  • Tilbod i posten– Du kan oppleve at bedrifter du betalar rekningar til, sender deg tilbod om AvtaleGiro i posten. Då kan du fylle ut svarkupongen og send den i retur.
  • Kontakt banken Kontakt kundesenteret i banken eller kom innom banken for å opprette ein avtale.
Kva meinar ein med beløpsgrense på AvtaleGiro?

Beløpsgrensa er maksimumsbeløpet du tillet å bli trekt frå kontoen din med AvtaleGiro til den spesifikke mottakaren.

Betalingar som overstig denne beløpsgrensa vil bli stoppa. Du vil då få eit varsel om dette i nett- og mobilbank.

Tips! Det kan vere lurt å setje denne beløpsgrensa høgare enn normalt fakturabeløp dersom du opplever at rekningane blir stoppa og at du får purringar .

Beløpsgrensa kan du sjølv endre i nettbanken under menyen «AvtaleleGiro og eFaktura».

Får eg varsel i forkant av ei betaling?

Du vel sjølv om du ynskjer varsel i forkant av betalinga når du opprettar AvtaleGiro.

Kan eg stoppe ei betaling eller avslutte ein AvtaleGiro-avtale?

Ja, du kan til ei kvar tid stoppe, endre eller avslutte avtalen i nettbanken din under menyen «AvtaleGiro og eFaktura».

Når ein avtale om AvtaleGiro blir sletta vil og tilhøyrande forfall i forfallsregistrert bli sletta.

Kvifor virkar ikkje AvtaleGiroen?

Sjølv om det varierer frå bedrift til bedrift pleier me å seie at det alltid tek minst ein månad før AvtaleGiro trer i kraft. Du må dirfor betale rekningane så lenge du får dei i posten eller som eFaktura. Spør oss gjerne om å sjekke status på avtalen om du tykkjer det tek for lang tid.

Me ynskjer di tilbakemelding!