Difor må finansnæringa stille spørsmål
Etter kvitvaskingslova er me som bank (gjeld heile finansnæringa) plikta til å førebygge og avdekke kvitvasking og terrorfinansiering. Me har ei plikt til å «kjenne våre kundar», og forstå korleis våre kundar brukar banken sine produkt og tenester.
Me er lovpålagd å registrere gyldig legitimasjon, men også å dokumentere føremålet med kundeforholdet, samt vite korleis du som kunde brukar våre produkt og tenester. Denne informasjonen skal registrerast og oppdaterast jamnleg.
Kvifor stiller me spørsmål?
Som bank har me eit ansvar for å motverke kvitvasking og terrorfinansiering, men også svindelforsøk, ID-tjuveri og anna økonomisk kriminalitet. For at me skal etterleve styresmaktene sine krav samt oppretthalde den tilliten me har som samfunnsaktør, bidreg du til dette viktige arbeidet ved å svare på dei spørsmåla me stiller. Som bank er me nemleg nøydd til å vurdere om kundeforholdet har eit legitimt og naturleg føremål. Dette betyr ikkje at me mistenker at noko er gale, men som bank har me plikt til å følgje opp kundane våre.
Både når du blir kunde i Luster Sparebank og undervegs i kundeforholdet vil me stille deg spørsmål. Me veit at dei fleste av kundane våre er ærlege, men også at enkelte kan føle seg mistenkeleggjort. Det er difor viktig for oss å presisere at dette er lovpålagd, og at informasjonen du deler behandlast konfidensielt etter banken si teieplikt. God kjennskap til våre kundar bidreg til å hindre at våre kundar sine kontoar misbrukast til kvitvasking, terrorfinansiering eller anna økonomisk kriminalitet.
Kva skjer om eg ikkje svarar?
I nokre tilfelle må banken nekte å gjennomføre ei førespurt teneste. Årsaka kan vere at gyldig legitimasjon ikkje er lagt fram, eller at det ikkje er gjeve tilstrekkelege opplysningar eller forklaring på spørsmål. Det er difor viktig at du svarar på alle spørsmåla slik at informasjonen me har om deg er oppdatert og rett.
I nokre tilfelle, dersom me ser at det manglar svar frå deg, kan ein konsekvens vere at nettbank, mobilbank, kort og konto sperrast inntil me har fått eit svar. I ytterste konsekvens kan det vere at banken må avvikle eksisterande kundeforhold dersom kundekontrollen ikkje let seg gjennomføre.