Gå til sideinnhold
Heim / Klagehandsaming

Klagehandsaming

Er du misfornøgd eller ueinig med oss? Me vil helst ha nøgde kundar, og vil setja pris på at du kontaktar oss dersom det er noko du ikkje er nøgd med!

Ta først kontakt med Kundesenteret

Det viser seg ofte at ein telefonsamtale er alt som skal til for å gje svar på spørsmåla dine og oppklare eventuelle misforståingar. Ring banken på telefon 57 68 27 00.

Viss kontakten med kundesenteret likevel ikkje skulle føre fram, kan du sende ein skriftleg klage der du grunngjev standpunktet ditt. Klagen kan sendast som brev til Luster Sparebank, Øyagata 2, 6868 Gaupne eller som e-post til [email protected]

Du kan også bruke skjemaet for klage som du finn lengst ned på denne sida.

Me vil gjerne hjelpe deg!

Finansklagenemnda

Dersom me ikkje vert einige, kan du sende saka vidare til Finansklagenemnda som er bransjen sitt uavhengige klageorgan.

Finansklagenemnda
Postboks 56, Skøyen
0212 Oslo
Tlf: 23 13 19 60

Skjema for klage

Fyll ut skjemaet og trykk «Send inn», så vil me kontakte deg.

Personvern
Me i banken har teieplikt, og me sørgjer for at personopplysingane dine vert behandla på ein sikker måte i samsvar med personopplysningslova og EU sin personvernforordning General Data Protection Regulation (GDPR). Gå inn på linken ovanfor for å lesa meir om personvernreglane
Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Me ynskjer di tilbakemelding!