Klokke- og mobilbetaling
La lommeboka ligge att heime og betal med mobilen eller smartklokka di.
Sikkert
Alle betalingar må godkjennast med kode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning.
Raskt
Det tek berre nokre få sekundar å betale med mobilen eller smartklokka di.
Enkelt
Inga lommebok, ingen myntar eller setlar – kun mobil eller klokke.
Betal med mobil eller klokke
Det er enkelt å betale med mobil eller klokke.
For å betale med mobilen eller klokka di i butikk treng du først å laste ned ein app og legge til bankkortet ditt i denne. Då blir kortet ditt lagra i ei «digital lommebok».
Det finns fleire ulike appar for mobilbetaling og klokkebetaling:
- Har du Android-telefon kan du ta i bruk Google Pay-appen (Google Wallet). Har du iOS kan du ta i bruk Apple Pay på din telefon (App Store).
- Har du ei smartklokke frå Fitbit eller Garmin så kan du bruke den tilhøyrande appen, Fitbit Pay eller Garmin Pay.
Når betalingskortet ditt er lagt inn og lagra i mobil-appen eller i klokka di, så er du klar til å betale med telefonen eller klokka i butikk, kontaktlaust på betalingsterminalar.
Les meir om dei enkelte betalingsløysingane her: