Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Kryptovaluta
Fiktiv bitcoin på en PC. Foto

Kryptovaluta

Ei aukande interesse for investering i kryptovaluta gjer det naudsynt å presisere kva krav banken har til dokumentasjon av transaksjonar som stammar frå kryptovaluta.

Krav til dokumentasjon

Kvitvaskingslova pålegg bankar å kjenne midlane sitt opphav i alle transaksjonar, og vurdere om desse er lovleg anskaffa. Å dokumentere midlane sitt opphav når det gjeld transaksjonar med kryptovaluta kan vere krevjande.

Nasjonale styresmakter har i tillegg vurdert at kryptovaluta har ein høg potensiell risiko for kvitvasking og terrorfinansiering. Det betyr mellom anna at det ikkje er noko garanti for at du til dømes kan nytte midlar som kjem frå kryptovaluta til eigenkapital ved bustadkjøp. 

Luster Sparebank legg følgjande til grunn for transaksjonar som gjeld kryptovaluta: 

  • Transaksjonar frå aktørar registrert hjå Finanstilsynet kan godkjennast (vel konsesjonstype «Vekslings- og oppbevaringstjenester for virtuell valuta» og trykk «Lag rapport»).
  • Blokkjedehistorikken på midlane som inngår i ein transaksjon må dokumenterast. Nokre av aktørane registrert hjå Finanstilsynet leverer rapportar på dette.
  • Utarbeiding av ein slik rapport må bestillast av deg for eiga rekning.
  • Du må vidare dokumentere at formue og eventuell gevinst er bokført og rapportert til skattemyndigheitene.

All dokumentasjon skal godkjennast av banken, og sjølv om dokumentasjonen nemnt over er motteke kan Luster Sparebank framleis avvise transaksjonen. Det må reknast nokre veker behandlingstid. 

Midlane blir normalt frosne inntil tilfredsstillande dokumentasjon er motteke og godkjent. Ved mangel på tilfredsstillande dokumentasjon vil transaksjonen normalt bli returnert til avsendar. 

Meir om kryptovaluta

  • Kryptovaluta er ei samla nemning på virtuell/digital valuta som er kryptert med blokkjedeteknologi.
  • Ein virtuell valuta er ein type uregulerte, digitale pengar, som ikkje er utferda eller garantert av ein nasjonal sentralbank. Virtuell valuta kjem i mange formar og typar.
  • Teknologien bak kryptovaluta heiter «blokkjedeteknologi». Dette er ei form for kryptering som sikrar og kontrollerer transaksjonar, samt stadfestar verdien.
  • Bitcoin var verdas første offentlege kryptovaluta.

Risiko

Det er ingen beskyttelse for investorar på kryptobørsar. Dersom du skal investere i virtuell valuta oppmodar me deg difor til å tenke nøye gjennom kor mykje pengar du toler å tape.

Dei Europeiske Finanstilsynsmyndigheitene og Finanstilsynet i Noreg åtvarar mot investering i kryptovaluta.  

Me oppmodar deg også til å lese Økokrim sine råd dersom du vurderer å kjøpe kryptovaluta. 

Me ynskjer di tilbakemelding!