Gå til sideinnhold

Overføring utland

Du kan betale rekningar eller overføre pengar til utlandet i din nettbank eller mobilbank. Bruk kalkulatoren nedanfor til å finne ditt IBAN-nummer. SWIFT-koden til Luster Sparebank er DNBANOKK.

Jordkloden sett fra verdensrommet. Foto

Varsel om overføringar til utlandet grunna den pågåande konflikten i Ukraina.

Klikk her for å lese meir

Betaling til utlandet

For at du skal kunne gjere ei betaling til utlandet treng du desse opplysningane:

  • Fullstendig namn og adresse til mottakar
  • Mottakarbanken sin SWIFT-/BIC-kode
  • IBAN-kontonummer og banksamband til mottakar

IBAN/Kontonummer finn du som regel på fakturaen, saman med andre betalingsopplysningar. Dersom du ikkje har desse opplysningane, må du kontakta mottakar eller mottakaren sin bank for å få tak i desse.

For at du skal kunne sende pengar til utlandet må nettbanken din først vere opna opp for dette.

Betaling frå utlandet

For at du skal motta eit pengebeløp frå utlandet treng avsendar desse opplysningane:

  • Namnet og postadressa di
  • IBAN-nummeret ditt
  • BIC/SWIFT-adresse: DNBANOKK

IBAN-nummeret finn du på kontoutskrifta di, eller du kan finne det ved å bruke IBAN-kalkulatoren nedanfor. Nokre land krev IBAN og i nokre land er det valfritt.

Her kan du klikke for å sjå ei oversikt over kva dei ulike landa krev ift. IBAN, samt ei liste over land du ikkje kan sende NOK eller USD til.

IBAN-kalkulator

Ditt IBAN-nummer:
Randi Aarøy Nundal

Treng du hjelp med betaling til utlandet?

Ofte stilte spørsmål

Kva er IBAN, og korleis finn eg mitt IBAN-kontonummer?

IBAN står for International Bank Account Number, og er ein internasjonal standard for bankkontonummer. Innanfor for EU og EØS-området må IBAN brukast ved betaling til og frå utlandet.

Ved hjelp av IBAN-kalkulator kan du finna IBAN-kontonummeret til aktuell konto.


IBAN-kontonummer finn du også på kontoutskrifta di.

Kor lang tid tek det før mottakaren får pengane?

Ordinære betalingar innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 2 til 4 bankdagar. Ordinære betalingar til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.

Hastebetaling innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 0 til 2 bankdagar. Hastebetaling til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.

Til enkelte land kan det ta inntil 15 dagar eller meir før betalinga er framme.

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om betaling til utlandet.

Me ynskjer di tilbakemelding!