Garmin Pay
Betal med klokka di. Med Garmin Pay kan du byte ut det fysiske bankkortet ditt med ei smartklokke.
Enkelt
Med Garmin Pay kan du betale enkelt og kontaktlaust.
Tilgjengeleg
Dropp lommeboka når du er på farten. Betal med klokka di.
Sikkert
Kortnummeret ditt vert ikkje lagra verken på klokka di eller andre brukarstader.
Kom i gang med Garmin Pay
- Last ned appen «Garmin Connect» på smarttelefonen din
- I appen gå til Garmin Pay, og legg til bankkortet ditt frå Luster Sparebank
- Aksepter vilkår
- Stadfest både identitet og kortopplysningar med eingangskode som du får i SMS.
Merk deg at dersom du skal kunne bruke Garmin Pay må du ha ei Garmin smartklokke, samt ein smarttelefon som støttar Android 4.4 eller iOS 9.
Slik betalar du med Garmin Pay
- Aktiver skjermen på smartklokka di og velg Garmin Pay
- Kortet du betalte med sist vil visast på skjermen. Dersom du har fleire betalingskort registrert og ynskjer å bruke eit anna kort, vel du det kortet du vil betale med.
- Hold klokka over betalingsterminalen
- Betalinga er gjennomført når betalingsterminalen og klokkeskjermen syner «Godkjent». Du får også eit pushvarsel på telefonen din.
Ofte stilte spørsmål
Kostar det noko å bruke Garmin Pay?
Nei, det kostar ingenting å bruke Garmin Pay.
Kva kort frå Luster Sparebank kan eg legge inn på Garmin Pay?
Du kan legge til Visa Classic og Visa Online nett (Juniorkort med netthandel).
Kor sikkert er det å bruke Garmin Pay?
Garmin Pay nyttar eit digitalt kortnummer (token) for å identifisere betalingskort som du har lagt til i Garmin Connect. Tokenet blir kryptert og lagra sikker i appen og på klokka. Det vanlege kortnummeret ditt blir aldri lagra verken på mobiltelefonen, i klokka eller på Garmin sine servarar. Kortnummeret blir aldri delt med betalingsstaden. Dette gir ei god sikkerheit for deg som brukar Garmin Pay.
All bruk av Garmin Pay må godkjennast med PIN-kode dersom du har tatt av deg klokka sidan forrige gang du tasta inn koden på klokka. Du blir bede om å taste PIN-koden innimellom, som ei ekstra sikkerheit.
Eg har ein ukjend transaksjon i Garmin Pay, kva gjer eg?
Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med den døgnopne sperretenesta på tlf. +47 21 49 23 93.
Eg har mista Garmin-klokka mi, kva gjer eg?
Me rådar deg til å sperre kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med den døgnopne sperretenesta på tlf. +47 21 49 23 93.
Trykk her for å lese fleire ofte stilte spørsmål på Garmin sine nettsider