Gå til sideinnhold

Mobilbank

Mobilbank_betale_eldre_sikkerheit_PB

Gjer kvardagen enklare med mobilbank.

Full kontroll

Mobilbank gir deg høve til å sjekke saldo, overføre mellom eigne kontoar, betale rekningar og få oversikt i mobilbanken. Nett som i nettbanken.

Sikkert

Innlogging og alle betalingar må godkjennast med kode, ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk.

Kjapt og enkelt

Du loggar inn ved hjelp av sjølvvalgt firesifra kode, ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk.

Slik skaffar du deg mobilbank

  • Mobilbankavtale opprettar du sjølv ved å laste ned appen: «Luster Sparebank Mobilbank» til din telefon, anten for Android eller for iOS.
  • Opne appen og føl rettleiinga. Du må identifisere deg, og dette kan du gjere på ein av dei følgjande måtane:
    • BankID
    • Passord og eingangskode frå kodebrikke
  • Under aktiveringa vel du sjølv ein 4-sifra kode eller fingeravtrykk/ansiktsgjenkjenning for å identifisere deg. Me anbefalar at du lagar ein anna kode enn den du brukar for å låse opp telefonen. Koden vert nytta til pålogging og til signering. Støttar telefonen din lesing av fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning så kan du nytte det til innlogging og signering.
Magnhild Feten

Tips!

For at mobilbanken skal fungere må du ha nettbankavtale og mobilnummeret ditt må vere registrert i banken. Kontakt oss om du ikkje får aktivert mobilbanken din.

Dette lurer mange på om mobilbanken

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på Vipps sine sider

Korleis finn eg fram i mobilbanken?

Mobilbanken inneheld 2 menyar, dette er hovudmeny og funksjonsmeny.

  • Hovudmenyen finn du øvst i venstre hjørne. Her har du tilgang til dei fleste tenestene i mobilbanken.
  • Funksjonsmenyen får du opp ved å trykke på ein av kontoane i kontolista, og slik vil du få opp val knytt til kontoen, som «Betal rekning», «Overføring» med fleire.

Ved å velje «Gå til nettbank» frå hovudmenyen, får du tilgang til same funksjonalitet og meny som i nettbanken din. Enkelte sider i nettbanken er ikkje tilpassa mobilen enno, men me arbeider med å forbetre dette.

Kva er informasjonskort?

Informasjonskorta du finn øvst i mobilbanken gir deg varsel, tips og anna relevant informasjon.

Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?

Alle norske nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.

For å vite kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo. Om du til dømes vil sjekke saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.

Kva gjer eg når kodebrikka ikkje virkar meir?

Kontakt banken så bestiller me ny kodebrikke til deg.

Korleis får eg mobilbank?

Mobilbankavtale opprettar du sjølv ved å laste ned banken sin App i Appstore eller Google Play. Når du tek i bruk appen vel du sjølv 4-sifra kode eller fingeravtrykk/ansiktsgjenkjenning for å identifisere deg.

Du må ha nettbankavtale hjå oss for å ta i bruk mobilbanken. Mobilnummeret ditt må også vere registrert i banken.
Har du ikkje nettbankavtale eller mobilnummer registrert må du ta kontakt med banken.

Er det trygt å bruke mobilbank?

Ja, sikkerheit er alltid nummer 1 ved alle løysingane våre.

Det er likevel enkelte punkt som er verdt å merke seg:

  • Bruk lås på telefonen
  • Ha forskjellige kodar på telefon og mobilbank
  • Gje ikkje frå deg nokon av dei nemnde kodane
  • Bruk sporingsverktøy
  • Ta sikkerheitskopi av telefonen
  • Hald mobilen oppdatert

nettvett.no finn du fleire aktuelle tips til sikker mobilbruk.

Korleis legg eg til betalingsmottakarar i mobilbanken?

I Mobilbanken kan du velje «Til konto» frå ei nedtrekksliste. Alle mottakarar du har lagt opp i nettbanken vil vere synlege. Ynskjer du å legge opp fleire mottakarar kan det gjerast inne i nettbanken under Meny – Betaling og overføring – Mottakarregister. Der kan du også fjerne mottakarar.
Når du betalar til ny mottakar i Mobilbanken, kan du registrere ny betalingsmottakar.

Når skjer overføring av pengar mellom kontoar?

Avrekningstidspunkt

Betalingar mellom kontoar i same bank skjer straks.

Nyttar du Straksbetaling i nettbanken vil også betalingen gå med ein gong.

Betaling til konto i annan bank:
Det er innført fem daglege oppgjer, frå måndag til fredag, for betalingstransaksjonar innland, gjeldande for både Nettbank og Mobilbank. Dette betyr at betalingar går fleire gonger dagleg. Mottakaren kan tilsvarande få pengane raskare inn på konto.

Betalingar må vera registrerte før følgjande tidspunkt:

  • kl 06:30
  • kl 09:30
  • kl 11:30
  • kl 13:30
  • kl 15:30