Kontanttjenester i butikk
No kan du enkelt sette inn og ta ut kontantar i daglegvarebutikkar over heile landet.
Enkelt
Du treng berre å ta med bankkortet og PIN-koden din.
Praktisk
Ta ut eller sett inn pengar i butikkar over heile landet.
Tilgjengeleg
Gjer innskot og uttak som privatperson eller som bedrift.
Om Kontanttjenester i butikk
- Du kan sette inn opptil 20 000 kr
- Du kan ta ut opptil 10 000 kr
- Du kan levere inn myntar, maks 25 stk. per valør
- Kjøp av veksel er ikkje mogleg.
- Du må bruke bankkortet og taste PIN-koden kvar gong
- Du treng ikkje å handle i butikken for å gjere eit kontantinnskot/-uttak
- Merk at pengane dine blir sett inn på, eller trekt frå, den kontoen som bankkortet ditt er knytt til
- Du kan sette inn og ta ut kontantar i ca 1450 daglegvarebutikkar i Norge
- Kontanttjenester i butikk støttar dessverre ikkje digitale lommebøker enno. Dette betyr at du må bruke det fysiske kortet ditt for å nytte tenesta.
Slik gjer du innskot og uttak i butikk
- Sjå at butikken har skilt for «Kontanttjenester i butikk» og sei frå om at du ynskjer å ta ut eller sette inn kontantar
- Oppgje beløp for innskot eller uttak
- «Tæpp» eller sett inn bankkortet ditt og tast PIN-koden
Også for bedrifter, lag og foreiningar
Med Kontanttjenester i butikk kan di bedrift, lag eller foreining sette inn og ta ut kontantar i daglegvarebutikkar. Merk at kjøp av vekslepengar ikkje er mogleg.
Dei som treng tilgang til tenesta må også ha sitt eige bankkort knytt til bedrifta eller organisasjonen sin konto.
Spørsmål?
Me hjelper deg gjerne!
Dette lurer mange på
Kva er Kontanttjenester i butikk?
Dette er ei teneste som gjer det mogleg for deg å ta ut og sette inn kontantar i matbutikkar over heile landet.
Du treng kun å ta med bankkortet ditt og bruke PIN-koden på terminalen for å nytte deg av tenesta.
Må eg kjøpe noko for å gjere eit pengeinnskot eller pengeuttak?
Nei, du kan velje å kun sette inn eller ta ut pengar i butikkar som tilbyr Kontanttjenester i butikk.
Kvifor får eg ikkje sett inn eller teke ut pengar?
Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje får teke ut eller sett inn pengar i butikk.
Forsikre deg om at butikken tilbyr tenesta, sjå etter merke for «Kontanttjenester i butikk».
Vidare må kontantbehaldninga i butikken vere stor nok for ditt innskot eller uttak, og terminalen deira må vere tilkobla nettverket.
Merk at både bankkortet ditt og butikken har beløpsgrenser.
Kontakt oss om du har problem!
Kan eg sette inn pengar på ein anna konto?
Det er kun mogleg å sette inn eller ta ut pengar frå kontoen tilknytta ditt bankkort.
Skal du flytte pengar til ein annan konto, kan du nytte mobilbank, nettbank eller Vipps.
Kva kostar innskot og uttak i butikk?
Tenesta er ulikt prisa for privatkundar og bedriftskundar.
Kor mykje pengar kan eg sette inn og ta ut?
I daglegvarebutikkar kan du sette inn opptil 20 000 kr og ta ut opptil 10 000 kr.
Merk at barne- og ungdomskort kan ha eigne beløpsgrenser.
Kva er aldersgrensa for å ta ut kontantar?
Så lenge du har eit bankkort med BankAxept frå Luster Sparebank kan du bruke tenesta i butikkar som tilbyr dette.
Dette inkluderer barnekorta, ungdomskorta og classic-korta våre. Våre kredittkort er ikkje med i tenesta.
Merk at barnekort og ungdomskort har eigne beløpsgrenser som regulerer kontantinnskot og -uttak.
Eg har gløymt PIN-koden til bankkortet mitt
Logg deg inn i nettbanken eller mobilbanken for å finne PIN-koden din til bankkortet.
Kvar er min næraste butikk?
Hjå ca. 1450 daglegvarebutikkar i Norge kan du no nytte ditt bankkort for å sette inn og ta ut pengar. Alle Meny- og Kiwibutikkar, dei fleste Spar-butikkar og enkelte Joker-butikkar tilbyr tenesta.
Eg skal gje ei gåve – kan eg bruke denne tenesta?
Det er kun konto tilknytt kortet som får innskotet.
Ynskjer du å sette inn pengar til andre kan du nytte mobilbank, nettbank, minibankar i Luster eller Vipps. I Vipps kan du også gje beløp fram i tid som gåve.