Gjennom vårt deleigde finansieringsselskap Brage Finans, tilbyr banken billån med pant i bilen.
I tillegg til å finansiere kjøp av nye og brukte bilar, finansierer Brage Finans også kjøp av campingvogn, bubil, MC og andre transportmiddel.
Brage Finans tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Inntil 10 års nedbetaling
- Rask sakshandsamingstid på søknaden din
- Finansiering av bil kjøpt både privat eller via forhandlar
Det er enkelt å søke om lån gjennom Brage Finans. Bruk billånkalkulatoren nedanfor til å rekne ut lånebehovet ditt. Når du klikkar på «Søk om lån», vert du sendt vidare til Brage sitt søknadssystem.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon om billån i Brage Finans.
Kaskofritt billån
Gjennom Brage Finans tilbyr banken også billån utan krav om kasko.
Dersom du skal kjøpe ein eldre og billegare bruktbil mellom 30.000 og 150.000 kroner kan du få finansiering sjølv om du berre teiknar ansvarsforsikring. Eit kaskofritt billån har ei høgare rente, men pris på forsikring og lånekostnader lagt i saman, blir ofte billegare på lånebeløp inntil 150.000 kroner.
Dersom du vurderer å ta opp eit kaskofritt billån med kun ansvarsforsikring, er det viktig at du er klar over at forsikringa ikkje vil dekke restgjelda på billånet om du skulle vere så uheldig å måtte vrake bilen.
Om du ynskjer forsikringsdekning utover ansvarsforsikring kan du teikne ei delkaskoforsikring som dekker ansvar, tap og skade på eige køyretøy ved brann, tjuveri, glasskade og veghjelp, i tillegg til skadar på fastmontert utstyr og lausøyre. Full kaskoforsikring omfattar i tillegg til dette skadar på eigen bil ved kollisjon, hærverk, utforkøyring og velt. Lurer du på nokon om forsikring, kan du sjå Frende Forsikring
Det er enkelt å søke om lån gjennom Brage Finans. Bruk kalkulatoren nedanfor til å rekne ut lånebehovet ditt. Når du klikkar «Søk om lån», vert du sendt vidare til Brage sitt søknadssystem.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon om kaskofritt billån og forsikring.
Gode råd
For å sikre at du som kjøpar får ein trygg og smidig handel, har me laga ei liste med nokre hugsereglar som kan vere nyttige for deg som kunde.
- Sjekk om det kan vere heftelser på bilen. Dette kan du enkelt gjere i Brønnøysundregistrene ved å skrive inn registreringsnummeret.
- Skriv alltid kontrakt når du kjøper bruktbil. Sørg for å få med alle detaljar. Standard kjøpekontrakt kan du mellom anna finne på heimesida til NAF.
- Sjekk at servicehefte følgjer med bilen, og at det er ekte, utfylt og komplett. Sjekk at alle servicar er utført i samsvar med tilrådd serviceintervall.
- Sjekk nøye marknadsprisen på den bilen du vurderer å kjøpe.
- Få oversendt kopi av vognkort og andre relevante opplysningar om bilen, som servicehefte, utstyrsliste, tidlegare skadar, og eventuelt meirverdiavgift.
- Undersøk bilen sin kilometerstand og årsmodell – gjerne hjå autorisert verkstad.
- Undersøk om bilen har hatt skade.
- Undersøk eigarforhold. Be om legitimasjon. Er det eigar av bilen som sel den?
- Undersøk bilen nøye. Ta gjerne ein kjøpstest av bilen før du signerer kjøpekontrakten.
- Undersøk om bilen er EU-godkjent. Dette kan du gjere på Statens Vegvesen sine sider.
- Sørg for at ein eventuell garanti gir deg rettar utover dei alminnelege reklamasjonsreglane.