Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Bustadlån

Bustadlån

Nytt lyseblått hus på Hafslo. Foto

I Luster seier me bustadlån, andre stader seier dei kanskje boliglån. Same kva du seier og kvar du bur så er me saman med deg når dei store avgjerdslene skal takast.

Raske svar

Me veit at tida di er kostbar. Difor er me opptekne av å svare deg så fort me kan.

Fast rådgjevar

Hjå oss får du ein personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg.

Kompetanse

Me tilbyr heilskapeleg økonomisk rådgjeving som er tilpassa dine behov.

Kor mykje kan eg låne?

I Noreg er det fleire lovkrav som må oppfyllast når ein tek opp lån.

  • Du kan låne opp til 5 gonger inntekta di.
  • Inntekta di må vere dokumenterbar og stabil over tid.
  • Du må kunne betene lånet ditt dersom renta aukar med inntil 5%.
  • Du må ha minimum 15% eigenkapital. Kravet kan løysast med oppsparte midlar eller kausjon.

Les meir her om krava du må oppfylle for å få lån.

Med lånekalkulatoren vår kan du rekne på kva dei månadlege kostnadane dine vil bli.

Eg vil kjøpe bustad, korleis går eg fram?

Same kva livsfase du befinn deg i så ynskjer me å hjelpe deg med å realisere draumane dine.

Flytte bustadlån?

Vil du flytte bustadlånet ditt frå ein anna bank til oss?

Flytt bustadlånet ditt til oss

Låne meir

Har verdien på bustaden din auka, kan du refinansiere bustadlånet ditt og låne meir på bustaden.

Søk om å låne meir

Mellomfinansiering

Treng du finansiering til kjøp av ny bustad før du sel den gamle?

Les meir om mellomfinansiering

Mor og datter ler på kjøkkenet. Foto

Kva forsikringar treng du til deg, ditt og dine?

Sjå kva vårt prisvinnande forsikringsselskap Frende Forsikring tilbyr.
Par som kysser og ler. Foto

Sambuarkontrakt – eit godt grunnlag for eit ryddig og godt samliv

Les meir om sambuarkontrakt her

Dette lurer mange på om bustadlån

Kva er effektiv rente?

Effektiv rente er den totale prisen du betalar for lånet. Reknestykket blir difor nominell rente + etableringsgebyr, termingebyr og andre kostnadar knytt til lånet = effektiv rente. Det er desse kostnadane som gjer at den effektive renta alltid er høgare enn den nominelle renta. Den enklaste måten å få ei god oversikt over kva eit lån faktisk kjem til å koste deg er difor å sjå på den effektive renta.

Kva er nominell rente?

Nominell rente er kun renta på lånet – altså prisen banken skal ha for å låne deg pengane du treng for å kjøpe tingen du ynskjer. Her er ikkje andre kostnadar på lånet som etableringsgebyr, termingebyr og liknande medrekna.

Kva er eit serielån?

Eit serielån er eit lån med variabelt terminbeløp. Avdragsdelen er lik i kvart terminbeløp medan rentedelen varierar. I byrjinga er innbetalingane høge sidan rentedelen er høgast når lånet er høgast. Etter kvart som lånet blir nedbetalt minkar rentedelen og terminbeløpet blir lågare.

Kva er eit annuitetslån?

Eit annuitetslån er eit lån som blir nedbetalt med like stort terminbeløp kvar månad heilt til lånet er innfridd. I byrjinga er avdragsdelen liten og rentedelen stor. Etter kvart som lånet blir nedbetalt blir avdragsdelen større og rentedelen mindre.

Kva er ein kausjonist?

Ein kausjonist er ein person som stiller sikkerheit bak lånet. Dette betyr at banken etablerar tilleggssikkerheit i ein annan eigedom enn den som det blir tatt opp lån for å kjøpe. Kausjonen kan dekke heile eller deler av lånet. I praksis betyr det at kausjonisten går god for at lånet blir betalt dersom hovudlånetakar / medlånetakar ikkje betalar lånet som avtalt.

Kva er ein medlånetakar?

Ein medlånetakar er ein person som tek opp lån saman med ein hovudlånetakar. Ein medlånetakar er like ansvarleg for nedbetaling av lånet som hovudlånetakar. Ansvaret mellom dei er ikkje delt og fylgjer prinsippet alle for ein – ein for alle. Medlånetakaren treng ikkje vere eigar av til dømes bustaden eller bilen som lånet dekkar.  

Kva er flytande rente?

Eit lån med flytande rente fylgjer marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar medan du får lågare lånekostnadar dersom renta går ned. Historisk har det synt seg at det over tid lønnar seg å velgje flytande rente framfor fastrente. Toler du at lånekostnaden din svingar litt kan det difor vere lurt å velge flytande rente.

Kva er fastrente?

Det er muleg å binde lånerenta for ein avtalt periode. I Luster Sparebank tilbyr me bindingstid på 3 og 5 år. Renta er då fast heile perioden og lånekostnaden din er lik kvar månad heile bindingstida. Det er viktig å merke seg at det kan medføre kostnadar å endre eller bryte fastrenteavtalen i bindingstida. Dersom forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg kan fastrentelån vere eit godt alternativ.

Kva er avdragsfritak?

Avdragsfritak betyr at ein betalar kun renter på lånet ein avtalt periode. I utgangspunktet er det kun lån som utgjer mindre enn 60% av verdien på bustaden som kan få avdragsfritak i lengre periodar. Ved uforutsette hendingar som arbeidsløyse, sjukdom, uventa høge utgifter og liknande kan det likevel vere nødvendig å betale litt mindre på lånet sitt ein periode.

Korleis får eg avdragsfritak?

Du kan søkje om avdragsfritak i nettbanken din. Skriv gjerne ein kort kommentar om årsaka til at du har behov for avdragsfritak. Banken vurderar så søknaden din og dersom den blir innvilga må du og andre lånetakarar esignere på endringa. Dersom avdragsfritaket varer lenger enn 2 månadar må også kausjonisten signere på endringa.

Kan eg betale inn ekstra på lånet mitt?

Du kan betale ekstra inn på lånet ditt i nettbanken.

Klikk på lånekontoen din – Nedbetaling. Der kan du velje kva konto du ynskjer å betale frå og kva lån du vil betale til.

Ver merksam på at ei ekstra nedbetaling først vil vere synleg på lånekontoen neste bankvirkedag.

Kva er finansieringsbevis?

Tidlegare var finansieringsbevis mykje brukt. Dette er eit dokument som banken har signert og stempla der maks kjøpesum framgår. Finansieringsbevis er no svært lite brukt. Dersom du likevel skulle ha behov for det så gje oss beskjed så skal me ordne dette til deg.

Me ynskjer di tilbakemelding!