Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Bustadlån / Fleksilån

Fleksilån

Hus i miniatyr på et bord ved siden av en nøkkel. Foto

Fleksilån er det mest fleksible bustadlånet du kan ha.

Fleksibilitet

Du blir din eigen bank.

Gode vilkår

Du betalar renter kun av benytta beløp.

Valfridom

Du vel sjølv kva du brukar ledig låneramme til.

Om fleksilån

Fleksilån er det mest fleksible bustadlånet du kan ha. Du får då innvilga ei låneramme som maks kan utgjere 60% av verdien på bustaden din. På eit fleksilån er det kun renter som vert trekt automatisk kvar månad og du betalar renter kun av benytta beløp av låneramma di. Dersom du ynskjer å betale ned på sjølve lånet ditt kan du enkelt gjere dette i nettbanken din sjølv.

Nokon vel å etablere fast trekk inn på fleksilånet medan andre overfører ynskja beløp som passar akkurat denne månaden. Fleksilånet nyttar du som du sjølv ynskjer og du kan overføre pengar mellom lån og bankkonto etter behov. Det er såleis opp til deg å avgjere kva du vil bruke pengane til og kor tid du vil bruke pengane i ledig låneramme.

Me anbefalar at du har god kontroll over økonomien din dersom du vel å gå for fleksilån.

Mange lurar på dette om fleksilån

Korleis betalar eg ned på fleksilånet?

Du kan betale ned på fleksilånet ved å overføre pengar i nettbanken eller mobilbanken din på same måte som du overfører mellom vanlege kontoar. Eit tips kan vere å betale større avdrag i gode månadar og mindre avdrag i månadar som har andre større utgifter. Viss du ikkje ynskjer å tenke på nedbetalinga kan du lage ei fast overføring til fleksilånet kvar månad frå brukskontoen din når du får løn, så ordnar det seg heilt sjølv!

Korleis fungerer eit fleksilån?

Med eit fleksilån får du ei kredittramme med sikkerheit i bustaden din. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil bruke av den og når du vil betale den ned. Du betalar renter kun av benytta beløp – ikkje av heile låneramma.

Korleis overfører eg frå fleksilånet til kontoen min?

Dette gjer du enkelt i nettbanken eller mobilbanken din på same måte som du overfører mellom vanlege kontoar.

Skal eg gje beskjed til banken når eg tek ut pengar frå fleksilånet?

Nei. Dette er dine pengar som du nyttar til kva du vil når du vil. Uttaket vert automatisk registrert og nytt rentebeløp blir oppdatert.

Me ynskjer di tilbakemelding!