Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Grøne lån / Miljølån

Miljølån

Energisparende solceller montert på et rødt hustak. Foto

Vil du redusere energiutgiftene dine og gjere noko godt for klimaet? Du kan søke om miljølån til etterisolering, varmepumpe, solceller og andre miljøvenlege tiltak.

Opp til kr. 500 000,-

Du kan låne opp til kr 500 000,- til berekraftige tiltak

Framtidsretta

Spar energi for miljøet og reduser kostnadane dine

Rimelegare

Inntil 0,5% renterabatt på denne typen lån!

Om Miljølån

Anten du skal bygge på bustaden din, pusse opp eller bytte varmekjelde, kan det løne seg å gå for ei meir miljøvenleg løysing. På denne typen lån får du renterabatt.

Nokre av tiltaka me støttar er

  • Solceller 
  • Vassboren varme 
  • Skifte av vindauge 
  • Etterisolering 
  • Varmepumpe
  • Andre tiltak etter godkjenning

Vilkår

Skal du finansiere grøne tiltak i heimen kan me tilby deg miljølån med følgjande vilkår

  • Løpetid frå 1 til 10 år
  • Beløp opp til kr. 500.000,-
  • Inntil 0,5% renterabatt
  • For å få Miljølån må du ha bustadlån i Luster Sparebank
  • Eit miljølån vil bli eit frittståande lån utanfor bustadlånet ditt
  • Du må sjekke Enova og evt. andre ordningar om du kan få støtte til energieffektiviseringa. Merk at om du får stønad skal denne gå til nedbetaling av lånet
Nytt lyseblått hus på Hafslo. Foto

Med energimerke A eller B på bustaden får du ekstra gode betingelsar

Les meir om Grønt Bustadlån
Elbil som lader. Foto

Det skal løne seg å kjøpe miljøvenlege bilar!

Les om Grønt Billån her
Mor og datter ler på kjøkkenet. Foto

Kva forsikringar treng du til deg, ditt og dine?

Sjå kva vårt prisvinnande forsikringsselskap Frende tilbyr

Ofte stilte spørsmål om lån

Kva er effektiv rente?

Effektiv rente er den totale prisen du betalar for lånet. Reknestykket blir difor nominell rente + etableringsgebyr, termingebyr og andre kostnadar knytt til lånet = effektiv rente. Det er desse kostnadane som gjer at den effektive renta alltid er høgare enn den nominelle renta. Den enklaste måten å få ei god oversikt over kva eit lån faktisk kjem til å koste deg er difor å sjå på den effektive renta.

Kva er nominell rente?

Nominell rente er kun renta på lånet – altså prisen banken skal ha for å låne deg pengane du treng for å kjøpe tingen du ynskjer. Her er ikkje andre kostnadar på lånet som etableringsgebyr, termingebyr og liknande medrekna.

Kva er eit serielån?

Eit serielån er eit lån med variabelt terminbeløp. Avdragsdelen er lik i kvart terminbeløp medan rentedelen varierar. I byrjinga er innbetalingane høge sidan rentedelen er høgast når lånet er høgast. Etter kvart som lånet blir nedbetalt minkar rentedelen og terminbeløpet blir lågare.

Kva er eit annuitetslån?

Eit annuitetslån er eit lån som blir nedbetalt med like stort terminbeløp kvar månad heilt til lånet er innfridd. I byrjinga er avdragsdelen liten og rentedelen stor. Etter kvart som lånet blir nedbetalt blir avdragsdelen større og rentedelen mindre.

Kva er ein kausjonist?

Ein kausjonist er ein person som stiller sikkerheit bak lånet. Dette betyr at banken etablerar tilleggssikkerheit i ein annan eigedom enn den som det blir tatt opp lån for å kjøpe. Kausjonen kan dekke heile eller deler av lånet. I praksis betyr det at kausjonisten går god for at lånet blir betalt dersom hovudlånetakar / medlånetakar ikkje betalar lånet som avtalt.

Kva er ein medlånetakar?

Ein medlånetakar er ein person som tek opp lån saman med ein hovudlånetakar. Ein medlånetakar er like ansvarleg for nedbetaling av lånet som hovudlånetakar. Ansvaret mellom dei er ikkje delt og fylgjer prinsippet alle for ein – ein for alle. Medlånetakaren treng ikkje vere eigar av til dømes bustaden eller bilen som lånet dekkar.  

Kva er flytande rente?

Eit lån med flytande rente fylgjer marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar medan du får lågare lånekostnadar dersom renta går ned. Historisk har det synt seg at det over tid lønnar seg å velgje flytande rente framfor fastrente. Toler du at lånekostnaden din svingar litt kan det difor vere lurt å velge flytande rente.

Kva er fastrente?

Det er muleg å binde lånerenta for ein avtalt periode. I Luster Sparebank tilbyr me bindingstid på 3 og 5 år. Renta er då fast heile perioden og lånekostnaden din er lik kvar månad heile bindingstida. Det er viktig å merke seg at det kan medføre kostnadar å endre eller bryte fastrenteavtalen i bindingstida. Dersom forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg kan fastrentelån vere eit godt alternativ.

Kva er avdragsfritak?

Avdragsfritak betyr at ein betalar kun renter på lånet ein avtalt periode. I utgangspunktet er det kun lån som utgjer mindre enn 60% av verdien på bustaden som kan få avdragsfritak i lengre periodar. Ved uforutsette hendingar som arbeidsløyse, sjukdom, uventa høge utgifter og liknande kan det likevel vere nødvendig å betale litt mindre på lånet sitt ein periode.

Korleis får eg avdragsfritak?

Du kan søkje om avdragsfritak i nettbanken din. Skriv gjerne ein kort kommentar om årsaka til at du har behov for avdragsfritak. Banken vurderar så søknaden din og dersom den blir innvilga må du og andre lånetakarar esignere på endringa. Dersom avdragsfritaket varer lenger enn 2 månadar må også kausjonisten signere på endringa.

Kan eg betale inn ekstra på lånet mitt?

Du kan betale ekstra inn på lånet ditt i nettbanken.

Klikk på lånekontoen din – Nedbetaling. Der kan du velje kva konto du ynskjer å betale frå og kva lån du vil betale til.

Ver merksam på at ei ekstra nedbetaling først vil vere synleg på lånekontoen neste bankvirkedag.

Kva er finansieringsbevis?

Tidlegare var finansieringsbevis mykje brukt. Dette er eit dokument som banken har signert og stempla der maks kjøpesum framgår. Finansieringsbevis er no svært lite brukt. Dersom du likevel skulle ha behov for det så gje oss beskjed så skal me ordne dette til deg.

Me ynskjer di tilbakemelding!