Gå til sideinnhold

Grøne lån

Barn leker i miljøvenlig bolig. Foto

Me ynskjer å støtte opp om deg som vel miljøvenleg. Difor er me stolte av å kunne tilby deg ulike grøne lån.

Framtidsretta

Vel du eit grønt alternativ kan du bidra til å gjere morgondagen litt betre.

Gode vilkår

Grøne låneprodukt har betre vilkår enn fleire andre produkt.

Fast rådgjevar

Du får hjelp og råd av din personlege rådgjevar.

Grøn utvikling

Me ynskjer å tilrettelegge for at kundane våre kan ta gode val for miljøet. Derfor støttar me ekstra godt opp om dei som vil investere i energieffektive bygningar, miljøvenlege køyretøy og andre miljøtiltak.

  • Grønt Bustadlån – for deg som har eller skal kjøpe ein energieffektiv bustad (Energiklasse A eller B). Les meir
  • Miljølån – for deg som ynskjer ein meir energieffektiv bustad. Les meir
  • Grønt Billån – for deg som ynskjer å finansiere ny eller brukt 0-utsleppsbil. Les meir

Kvifor har banken grøne låneprodukt?

Me i Luster Sparebank vil bidra til ei berekraftig utvikling i samfunnet. Me jobbar stadig mot nye, konkrete miljømål, og det er i samband med desse me ynskjer å tilby fleire grøne bankprodukt.

Sidan 2011 har Luster Sparebank vore sertifisert som Miljøfyrtårn. Me har arbeida med å redusere vårt energiforbruk, betre avfallssorteringa og gjenvunne utrangerte møblar. Frå 2018 – 2021 har me redusert vårt CO2-utslepp med heile 42%. Me jobbar stadig for å bli meir miljøvenleg. Ei utviding av dette arbeidet er at me hjelper kundar med å redusere deira miljøpåverknad gjennom våre bankprodukt.

Du kan lese meir om vårt arbeid innan bærekraft og samfunnsansvar her. Me i Luster Sparebank ynskjer å ta vår del for å sikre ei grøn utvikling i tida framover.

Nytt lyseblått hus på Hafslo. Foto

Med energimerke A eller B på bustaden får du ekstra gode betingelsar

Les meir om Grønt Bustadlån
Elbil som lader. Foto

Det skal løne seg å kjøpe miljøvenlege bilar!

Les om Grønt Billån
Energisparende solceller montert på et rødt hustak. Foto

Du kan få miljølån til etterisolering, varmepumpe, solceller eller andre grøne tiltak i heimen

Les meir om Miljølån