Gå til sideinnhold

Billån

Familie pakker ut bagasje fra sin nye bil. Foto

Gjennom Brage Finans, vårt deleigde finansieringsselskap, tilbyr me gunstige lån til kjøp av bil, båt, campingvogn og andre framkomstmiddel.

Gunstig rente

Konkurransedyktig rente på både nye og brukte køyretøy.

Rask behandlingstid

Du får kjapt svar på søknaden din.

På nett eller i bank

Legg sjølv inn søknaden din digitalt, eller snakk med ein av våre rådgjevarar først.

Kor mykje må eg betale?

Bruk billånkalkulatoren nedanfor til å rekne ut kor mykje lånet vil koste deg.

Grønt billån

Kjøper du ny eller brukt elbil kan du få enno betre rentebetingelsar.

Kaskofritt billån

Dersom du skal kjøpe ein eldre og rimlegare bruktbil kan du få finansiering sjølv om du berre teiknar ansvarsforsikring.

Inge Teigen

Snakk med oss om å låne til bil eller andre køyretøy!

Knallgode, prisvinnande vilkår, lynrask opptening av bonus og leigebil i heile reparasjonstiden. 

Skal du kjøpe bruktbil?

For å sikre at du som kjøpar får ein trygg og smidig handel, har me laga ei liste med nokre hugsereglar som kan vere nyttige for deg som kunde.

Gode råd ved kjøp av bruktbil

Skal du selje bil?

Skal du selje ein bil til nokon som skal finansiere denne hjå Brage Finans?

Råd til deg som skal selje bil

Billånkalkulator

Dette lurer mange på om billån

Kva skjer når eg har søkt om billån i Brage?

Når Brage har motteke søknaden din får du med ein gong ein epost eller sms der du blir bedt om å sende samtykke til at dei får innhenta inntekts- og skatteopplysningar på deg. Deretter reknar Brage på tala dine og tek kontakt med deg. Når du kjøper bilen kan du enkelt esignere lånedokumenta med BankID. På Min side i Brage har du god oversikt over lånet ditt.

Kva betyr salspant i bil?

Når ein tek opp eit lån vil utlånar ha sikkerheit for lånet sitt. Tek ein opp billån med sikkerheit i bil heiter pantet salspant. Salspant kan ein kun etablere akkurat den dagen ein kjøper bilen. Dette er årsaka til at du ikkje kan få innvilga lån på bil du allereie er eigar av.

Kva betyr heftelsar i bilen?

Heftelsar betyr at den som eig bilen no har billån og at det er tatt salspant i bilen som sikkerheit for lånet. Brage Finans sjekkar alltid om det er heftelsar på bilen du kjøper og sikrar at den er heftefri ved overtaking.

Kven kan eg kjøpe bil av?

Du kan få lån til kjøp av bil av både privatperson og forhandlar.

Du kan ikkje få lån med salspant til å kjøpe bil av nokon som har same adresse som deg.

Kven får utbetalinga av billånet?

Utbetaling av billån med pant i bil går alltid til selgjar sin konto.

Kan sambuar eller ektefelle stå som eigar av forsikringa?

Ja, så lenge vedkomande er registrert som medlånetakar på lånet og har same folkeregistrerte adresse som deg.

Kan foreldre stå som eigar av bilforsikringa til ungdomen sin?

Nei. Regelen er at det er eigar av bilen som skal stå som eigar av forsikringa.

Kvar finn eg lånet mitt?

På Min side i Brage har du god oversikt over lånet ditt. Her kan du også betale ekstra på lånet, søkje om å endre terminbeløpet, søkje om avdragsfritak og liknande.

Trykk her for å gå til fleire ofte stilte spørsmål på Brage Finans sine nettsider.