Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Fritidsbustad

Fritidsbustad

Hytte i fjellet om vinteren, Gaupne. Foto

Lån til hytte i fjellet eller hus ved sjøen? Me kan hjelpe deg med finansiering av hytter og andre fritidsbustadar.

Raske svar

Me veit at tida di er kostbar. Difor er me opptekne av å svare deg så fort me kan.

Fast rådgjevar

Du får ein personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg.

Kompetanse

Me tilbyr heilskapeleg økonomisk rådgjeving tilpassa dine behov.

Lån til fritidsbustad

Livet går fort og tida er dyrebar. Det er så mange må-ting i kvardagen og det vesle som er av fritid må vernast om. Drøymer du om å rømme avgarde og gøyme deg på hytta? Lese ei bok under teppet i godstolen, gå tur i skogen, fiske i fjellvatnet eller ta ein topptur og lage lekre svingar i pudderet ned att?

Kor dyr hytte du kan kjøpe avhenger av fleire ting; som til dømes inntekta di, samla gjeld i husstanden og eigenkapital. Utlånsforskrifta gjeld også for kjøp av fritidsbustad. Det er lurt å tenke over kva familien har råd til. Hytta skal vere ein friplass og ikkje påføre deg økonomisk stress.

Viss du ynskjer å snakke med oss om finansiering av hytte eller fritidsbustad så hjelper me deg gjerne!

Tips!

Dersom du ynskjer å kjøpe hytte med sikkerheit i heimen din er det lurt å ta ei verdivurdering av bustaden din. Me kan då berekne eigenkapitalen din og dine mulegheiter for hyttelån.

Me ynskjer di tilbakemelding!