Depositumskonto
Depositumskonto er ein konto som vert nytta i samband med leige/utleige av bustad. Depositum vert sett inn på kontoen som sikkerheit for leigeforholdet.
Depositumskontoen skal opnast i utleigar sin bank i leigetakaren sitt namn. Innbetalt depositum er sperra, og kontoen kan berre disponerast av leigetakar og utleigar i fellesskap.
Depositumskonto kan opprettast i nettbanken. Det er utleigar som startar prosessen med å oppretta kontoen i eigen privat nettbank. Begge partar må bruka BankID til å signera avtalen.
Dersom utleigar er eit firma, må ein kontakta banken for å oppretta kontoen.
I hovudmenyen i nettbanken vel utleigar Konto og Kort, klikk så på Opprette konto og Depositum nett og fyll ut skjema med påkravd informasjon:
- Leigetakar sitt namn, fødsels- og personnummer, e-post og telefonnummer
- Adressa til utleigeobjektet
- Kopi av leigekontrakt (pdf)
- Etableringsgebyret vil automatisk bli trekt frå den oppgjevne belastningskontoen – betalast av utleigar. Prisliste
Når utleigar har signert kontoavtalen med sin BankID, får leigetakar varsel på SMS og e-post med lenke til signeringsprosess for depositumskontoen. Leigetakar loggar inn med BankID, og stadfestar at avtalen er lest og forstått, og signerer deretter avtalen.
Depositumskontoen vert no oppretta i leigetakar sitt namn, og er tilgjengeleg i både leigetakar og utleigar sin nettbank i Luster Sparebank. Kontoen vil stå i minus til leigetakar har betalt inn det avtalte depositumsbeløpet til kontoen.
Reglar for depositumskonto
Depositumsbeløpet kan ikkje overstiga seks månaders husleige. Leigetakar eig kontoen og får rentene. Kontoen er sperra slik at korkje leigetakar eller utleigar kan ta ut pengane utan samtykke frå den andre. Leigetakar må vera over 18 år.
Avslutning av depositumskonto
Når leigeforholdet opphøyrer, frigir utleigar depositumskontoen frå nettbanken sin*, og den vert gjort om til ein vanleg brukskonto for leigetakar. Leigetakar vil få melding om at kontoen er frigitt.
*Skal berre deler av beløpet frigjevast, må banken kontaktast.