Gå til sideinnhold
Heim / Forsikring / Innbuforsikring

Innbuforsikring

Innbuforsikring Frende 2023

Beskytt stort og smått du eig mot tjuveri og skade – både heime og ute i verda. Dette er forsikringa alle må ha.

Alle kan vere uheldige

Dersom TV-en dett i golvet eller barna skubbar vassglaset på PC’en så kan du puste med magen.

Sikra mot ID-tjuveri

150 000 nordmenn har blitt fråstole identiteten sin dei siste to åra.

Hjelp ved nettmisbruk

Inkludert i innbuforsikringa – heilt utan ekstra kostnad.

Kvifor bør eg ha ei innbuforsikring?

Innbuet ditt er alt du har i bustaden din som kan flyttast på. Til dømes møblar, klede, bilete og sykkel. Med ei innbuforsikring er innbuet ditt forsikra opp til ein viss sum. Kva sum dette er vil vere avhengig av kor stor bustaden din er og kor mange som bur der. Rådgjevaren din kan hjelpe deg med å finne ut kva forsikringssum som er anbefalt for deg.

Dersom du har ei utvida innbuforsikring vil tinga dine òg vere forsikra ved uhell. Til dømes dersom TV-en din dett i golvet og blir øydelagd, om PC-en din dett utfor balkongen når du er i syden eller om tinga dine blir skada under flytting.

Hjelp ved ID-tjuveri og nettmisbruk er standard i Frende si innbuforsikring.

Dette dekkar innbuforsikringa

I Frende kan du kjøpe standard innbuforsikring eller forsikring med uhellsdekning. Finn den som passar deg.

Kjøp forsikring på nett eller få hjelp av ein rådgjevar

I nettbutikken kan du sjekke pris, rekne ut eit uforpliktande tilbod og fullføre kjøpet.

Me i banken hjelper deg også gjerne med å finne ut kva forsikringar som passar til ditt behov. Du får personleg oppfølging og sjølvsagt også dei same gode prisane når du kjøper gjennom oss, som når du kjøper forsikringane på nett.

Frende Forsikring

Luster Sparebank er ein av medeigarane i Frende Forsikring. Selskapet er kåra til «best i test» på fleire av sine forsikringar dei siste 10 åra og er eit trygt valg for deg. Frende har både totalkunderabatt og lojalitetsbonus. Me kan gjere forsikring enklare og meir lønsamt for deg som kunde.

Thomas Dalsøren

Snakk med oss om innbuforsikring

Norges beste reiseforsikring!

Då er du dekka frå du reiser heimefrå og heilt til du er tilbake.

Les meir og sjekk pris på reiseforsikring

Det er lurt å skrive ein sambuarkontrakt

Har de flytta saman? Avklar det økonomiske forholdet i ein sambuarkontrakt. De kan heilt enkelt skrive avtalen på nettet.

Les meir om Sambuarkontrakt gjennom Justify

Forsikre deg, ditt og dine.

Fornøgde kundar, trygt skadeoppgjer og best i test. Det er mange gode grunnar til å velje Frende Forsikring.

Få ein oversikt over alle person- og skadeforsikringar her

Me ynskjer di tilbakemelding!