Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Banksparing

Banksparing

Hvit sparegris på et bord. Foto

Med ein sparekonto i banken er pengane dine raskt tilgjengelege om du treng dei.

Sikkert

Med ein sparekonto har du pengar i reserve.

Betre rentevilkår

Ein sparekonto vil gje deg høgare rente enn ein brukskonto.

God kontroll

Du får full oversikt over sparinga i nettbank og mobilbank.

Spareavtalar

Me tilbyr ulike typar sparekonti som

  • Fasterenteinnskot
  • Plasseringskonto
  • Langtidssparekonto
  • Månadsspar
  • BSU
  • BSU2
FastrenteinnskotPlasseringskontoLangtidssparekontoMånadssparBSU og BSU2
Antall gebyrfrie uttak per år0*6**Ubegrensa0***0****
Minstebeløp på konto50 000,-0,-0,-0,-0,-
Bindingstid6 eller 12 månadarNeiNeiNeiNei
FastrenteJa, rentesum blir utbetalt når bindingstida er uteNeiNeiJaJa
Flytande renteNeiJa, beste rente forutset innskot over 500 000,-Ja, beste rente forutset innskot over 200 000,-Nei
Krev fast spareavtaleNeiNeiNeiJa, maksimum 3000,- per månadNei
*Ved eventuelle uttak i bindingsperioden vert det berekna eit gebyr på 2% av uttaksbeløpet. Gebyret vert berekna frå tidspunktet for uttak fram til sluttdato for bindingstida. Uttaksgebyret vert automatisk belasta konto. Når bindingstida er ute får du nytt fastrentetilbod frå banken.
**Ved fleire uttak (over 6) blir det rekna eit gebyr på 2% av uttaksbeløpet.
*** Spareavtale blir avslutta ved uttak. Kun ein aktiv avtale om månadsspar per kunde. Det er ikkje tillate med eingangsinnskot.
**** Avtale om BSU blir avslutta ved uttak. Midlar frå BSU må nyttast til bustadføremål for å få det beste avtaleutbyttet. 
Kjell Håvard Skeide

Me hjelper deg gjerne i gang med sparing

Månadsspar

Spar litt kvar månad til ei betre rente.

Les meir om månadsspar her

BSU

Bustadsparing for ungdom er det beste sparetilbodet for ungdom!

Les meir om BSU og BSU2

Småsparing

Synast du månadleg sparing er vanskeleg? Med ein avtale om småsparing blir sparinga enklare. Då vil du spare litt kvar gong du trekk kortet.

Les meir om Småsparing her

Fast overføring

Ved å opprette fast overføring frå din lønnskonto til din sparekonto så går sparinga lett som ein leik!

Opprett fast overføring i nettbanken din her

Fond og aksjar

Skal du spare langsiktig og ynskjer høgare avkastning kan det løne seg å spare i fond og aksjar.

Les meir om sparing i fond og aksjar

Mann tar vare på og skyver eldre kvinne i rullestol på en grønn plen. Foto

Ver sikker på at nokon du stolar på tek vare på interessene dine den dagen du ikkje klarar det sjølv

Les meir om Framtidsfullmakt her

Dette lurer mange på om banksparing

Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?

Alle norske nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.

For å vite kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo. Om du til dømes vil sjekke saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.

Kva er forskjellen på ein sparekonto og ein brukskonto?

Ein sparekonto er ein konto med betre rente, fordi ein har færre antal gebyrfrie uttak på den. Ein kan heller ikkje knyte opp eit visakort til sparekontoen. Dersom du har meir enn 12 uttak i året frå kontoen, bør du bruke brukskontoen. Har du ein konto du sparar på som har under 12 uttak i året, har me fleire typar sparekonto. Til dømes Langtidssparing med 12 gebyrfrie uttak eller Plasseringskonto med 6 gebyrfrie uttak.

Kva skjer om banken får økonomiske problem?

Innskotsgaranti

Som kunde hjå oss har du ein garanti for innskota dine på inntil 2 millionar kroner.

Luster Sparebank er medlem av Bankenes sikringsfond. Dersom banken får økonomiske problem, garanterer Bankenes sikringsfond for dine bankinnskot, uavhengig om du er privatperson eller bedriftskunde. Gjennom innskotsgarantien sørger dei for at pengane du hadde i banken er tilgjengelege i løpet av sju arbeidsdagar.

Klikk her for meir informasjon om Bankenes sikringsfond

Me ynskjer di tilbakemelding!