Gå til sideinnhold
Heim / Forsikring / Husforsikring

Husforsikring

Husforsikring Frende 2023

Huset ditt er uerstatteleg, men Frende Forsikring hjelper deg tilbake til kvardagen dersom katastrofen rammar deg.

Bygg nytt hus til deg

Bustadbrann er frykteleg traumatisk. Få hjelp til å flytte heim att.

Dekkar tap under reparasjon

Dersom huset ditt blir skada kan Frende forsikring dekke dine økonomiske tap.

Trygt skadeoppgjer

Frende er der når du treng det som mest!

Kvifor bør eg ha husforsikring?

Dersom du har bustadlån er du plikta til å fullverdiforsikre huset ditt slik at du ikkje blir sittande att med eit restlån dersom huset ditt vert totalskada.

Om du er så uheldig at huset ditt blir skada, dekkar Frende kostnaden til reparasjon, eller kostnad til nytt hus ved totalskade. Dersom du har utleigedel dekkar forsikringa også tapte leigeinntekter.

Du kan velge mellom standard og utvida forsikring. Med standardforsikring er du dekka for dei vanlegaste plutselege skadane, som til dømes brann, lynnedslag, vatn- og røyrskadar og naturskader. Frende dekkar òg rettsleg erstatningsansvar og gir deg advokatbistand ved ein tvist.

Dersom du vel utvida husforsikring er du òg dekka dersom huset får skader av vatn gjennom tak og vegger, eller dersom badet er utett og det blir skader etter vatn i andre rom. Frende dekkar også skade på våtrom grunna handverkarfeil, anten noko er feil montert eller ved materialfeil.

Dette dekkar husforsikringa

Vel mellom standard husforsikring eller husforsikring med utvida dekning. Finn den som passar best for deg.

Kjøp forsikring på nett eller få hjelp av rådgjevar

I nettbutikken kan du sjekke pris, rekne ut eit uforpliktande tilbod og fullføre kjøpet.

Me i banken hjelper deg også gjerne med å finne ut kva forsikringar som passar til ditt behov. Du får personleg oppfølging og sjølvsagt også dei same gode prisane når du kjøper gjennom oss, som når du kjøper forsikringane på nett.

Frende Forsikring

Luster Sparebank er ein av medeigarane i Frende Forsikring. Selskapet er kåra til «best i test» på fleire av sine forsikringar dei siste 10 åra og er eit trygt val for deg. Frende har både totalkunderabatt og lojalitetsbonus. Me kan gjere forsikring enklare og meir lønsamt for deg som kunde.

Nils Vegard Kvam

Snakk med oss om forsikring av bustaden din

Husforsikring eller innbuforsikring?

Husforsikring gjeld bygningen og det som er fastmontert. For å få erstatta det som ikkje er fastmontert, treng du i tillegg ei innbuforsikring.

Les meir om innbuforsikring

Testament

Få dine ynskjer høyrt og fjern tvil ved fordeling av arv. No kan du enkelt opprette testament digitalt utan å måtte gå innom ein advokat.

Les meir om å opprette testament her

Forsikre deg, ditt og dine.

Fornøgde kundar, trygt skadeoppgjer og best i test. Det er mange gode grunnar til å velje Frende Forsikring.

Få ein oversikt over alle person- og skadeforsikringar her.

Me ynskjer di tilbakemelding!