Gå til sideinnhold

Brukskonto

Betalingskort legges inntil en betalingsterminal. Foto

Brukskonto eller lønnskonto er den kontoen du brukar i kvardagen og som passar for alle.

Full oversikt

I nettbank og mobilbank vil du ha god oversikt over forbruket ditt.

Allsidig

Du kan ha ein eller fleire brukskontoar, med ein eller fleire disponentar. Typisk har ein eit eller fleire kort tilknytt denne typen bankkonto.

Praktisk

Som kunde hos oss har du moglegheit til å knyte fleire tenester til kontoane dine. Slik som fast overføring, småsparing og avtalegiro.

Kva kan eg nytte brukskontoen til?

Brukskonto eller lønnskonto er «sentralen» i kundeforholdet ditt til banken. Lønn, trygd og andre inntekter kan overførast direkte til kontoen. Frå denne kontoen kan du betale rekningar eller overføre pengar til andre bankkonti.

Ved å ta kontakt med banken kan du få kreditt på brukskontoen din. Skal du spare eller plassere pengar kan du be om at eit fast beløp blir overført kvar månad til aksjefond, sparekonto eller andre spareformer frå brukskontoen din. Oppretting av konto og faste overføringar mellom eigne konti kan du oppretta sjølv i nettbanken.

Mann, kvinne og barn går tur i parken blant trær. Foto

De kan ha kvar dykkar kort til ein felles budsjettkonto

Les våre tips til å skape ein god fellesøkonomi

Dette lurer mange på om brukskonto/lønnskonto

Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?

Alle norske nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.

For å vite kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo. Om du til dømes vil sjekke saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.

Kva er forskjellen på ein sparekonto og ein brukskonto?

Ein sparekonto er ein konto med betre rente, fordi ein har færre antal gebyrfrie uttak på den. Ein kan heller ikkje knyte opp eit visakort til sparekontoen. Dersom du har meir enn 12 uttak i året frå kontoen, bør du bruke brukskontoen. Har du ein konto du sparar på som har under 12 uttak i året, har me fleire typar sparekonto. Til dømes Langtidssparing med 12 gebyrfrie uttak eller Plasseringskonto med 6 gebyrfrie uttak.

Korleis opprettar eg ein disponent?

Som disponent får ein høve til å sjå saldo, overføre og betale frå kontoen.

Slik legg du til ein disponent for din konto

  • Logg deg inn i nettbanken
  • I hovudmeny vel du «Kontoar» og «Gi andre tilgang til konto»
  • Her får du så oversikt over eigne kontoar du disponerer og kan enkelt legge til fleire disponentar på dine kontoar. Oversikta inneheld også kontoar du har fått disponentfullmakt til av andre.
  • Kontoar du disponerer, også på vegne av andre, vil bli synleg i din eigen nettbank/mobilbank.