Gå til sideinnhold
Heim / Om Luster Sparebank / Berekraft og samfunnsansvar

Me vil bidra til ei berekraftig utvikling i samfunnet

I Luster Sparebank arbeidar me stadig mot nye, konkrete miljømål. For tida jobbar me med fleire nye produkt som skal gje kundane våre moglegheit til å ta gode val som gagnar dei sjølve og miljøet.

En kajakkpadler ser utover vannet og en smeltende isbre. Foto

Strategi for berekraft og samfunnsansvar

Luster Sparebank har i alle år vore opptekne av kundane våre og lokalmiljøet. Ein av våre kjerneverdiar er «ansvarleg», og berekraft er ei naturleg vidareutvikling av rolla til banken. Me ynskjer å bidra til at alle, uavhengig av kvar ein bur, skal ha det trygt og godt.

Me ynskjer å byrje med oss sjølve og jobbar med å minimere klimafotavtrykket vårt. Me ynskjer også å bidra til at kundane våre investerer i miljøvenlege val. Saman kan me finne gode løysingar til det beste for vår eiga tid og framtidige generasjonar. Dette er forankra i vår strategi for berekraft og samfunnsansvar.

Berekraftstrategien byggjer på og tek omsyn til fleire ulike rammeverk, mellom anna klimarisiko frå Finanstilsynet og FN sine berekraftsmål. Her kan du også laste ned og sjå vårt Samfunnsrekneskap. Vidare har me interne rutiner for målsetjing og rapportering, og vårt arbeid innan berekraft og samfunnsansvar blir evaluert i ei eiga berekraftsgruppe.

Sertifisert Miljøfyrtårn

Luster Sparebank var i 2011 første bedrift i Luster kommune til å bli sertifisert av stiftinga Miljøfyrtårn. For å bli sertifisert av ordninga er det ei rekke kriterier som skal fyllast. Nokre overordna døme er

  • Gode rutinar og praksis rundt Helse-, Miljø-, og Sikkerheitsarbeid
  • Gode rutinar og tiltak rundt energiforbruk, avfallshandtering, innkjøp o.l.
  • Gode rutinar og tiltak for å bidra til berekraftige investeringar, både direkte med eigne midlar og gjennom kundeprodukt

I april 2021 vart me den første banken i Sogn som er resertifisert etter dei nye og strenge kriteria for bank- og finansbransjen. I 2024 er det planlagt resertifisering.

Samfunnsansvar

Banken skal drive forsvarleg etter alle lover og reglar som vedkjem bransjen. I tillegg ynskjer me å ta samfunnsansvar.

I Luster Sparebank har me ingen eigarar som skal ha sin del av overskotet. Kvart år deler me difor ut millionar til lokalsamfunnet, i form av sponsoravtalar og gåvetildelingar. Desse skal fremje livskvalitet og folkehelse. For oss er det viktig å vere ein god støttespelar i lokalsamfunnet. Me ynskjer å bidra til varierte aktivitetar, spesielt for born og unge.

Inkludering og likestilling

Luster Sparebank skal vere ein trygg og god arbeidsgjevar for dei tilsette. Banken har eit etisk regelverk som alle dei tilsette følgjer. Me har verneombod og er registrert IA-bedrift. Me er ein inkluderande arbeidsplass som fremjar likestilling, også ut i samfunnet.

Bekjempe økonomisk kriminalitet

Me har strenge regelverk knytt til antikvitvaskarbeid. Arbeidet med å bekjempe korrupsjon, kvitvasking, terrorfinansiering og anna økonomisk kriminalitet står sentralt i banken si forretningsdrift. Alle tilsette gjennomfører årleg kvitvaskingskurs.

Grøne låne- og spareprodukt

Me arbeider for tida med å utvikle fleire grøne produkt. Både sjølvstendig og i samarbeid med andre, til dømes med Brage Finans om grøne billån og Norne om grøne spareprodukt. Me har mål om å tilby enno fleire berekraftige kundeprodukt innan område som sparing, fondsforvaltning og låneprodukt.

Omsyn til berekraft og samfunnsansvar skal gripe inn på alle våre områder

Me skal vere ansvarlege for våre handlingar internt og i vår samhandling med samfunnet rundt oss. Me arbeider kontinuerleg for å bli betre på å integrere samfunnsansvar og berekraft i alt me gjer. Til beste for vår generasjon, og ikkje minst for framtidige generasjonar.

Openheitslova

Openheitslova skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidshøve. Har du spørsmål om banken sitt arbeid med openheitslova, kan du kontakte oss.

Person i kajakk på Lustrafjorden. Foto

Her kan du lese vår strategi for berekraft og samfunnsansvar

Klikk for å laste ned dokumentet
Sertifisert Miljøfyrtån-logo. Illustrasjon

Luster Sparebank er sertifisert etter Miljøfyrtårn sine oppdaterte kriterier

Les meir om Miljøfyrtårn
Luster Sparebank lilja. Illustrasjon

Luster Sparebank har lansert sine nye og meir berekraftige nettsider

Trykk her for å laste ned rapporten frå vår partnar; Appex
Flere gutter i røde drakter og blå shortser omfavner hverandre for en prat på en fotballbane. Foto

Luster Sparebank bidreg til samfunnet gjennom gåver og sponsing

Oversikt over sponsing og gåver

Me ynskjer di tilbakemelding!