Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Lån og finansiering / Grønt Næringslån

Grønt Næringslån

Solcellepanel på næringsbygg. Foto

Tenker du på grøne tiltak i bedrifta eller på gardsbruket ditt? Me kan tilby prisrabatt på denne typen lån.

Konkurransedyktig

Møt krava frå samfunnet med energieffektive bygg, maskiner og utstyr

Miljøtiltak

Reduser eller unngå klimagassutslepp

Renterabatt

Me kan tilby inntil 0,5% i renterabatt

Om Grønt Næringslån

Me ynskjer å tilrettelegge for at kundane våre kan ta gode val for klimaet. Difor støttar me ekstra godt opp om dei som vil investere i energieffektive bygningar, miljøvenlege køyretøy og andre miljøtiltak med grøne næringslån.

Me tilbyr inntil 0,5% rabatt i heile lånet si løpetid.

Nokre tiltak me støtter er

  • Investeringar som påverkar miljøet positivt
  • Energieffektivisering av eksisterande bygg
    • Solceller
    • Vassboren varme
    • Varmepumpe
    • Skifte av vindauge
    • Etterisolasjon
  • Nybygg etter visse miljøstandardar
  • Arbeidsmaskiner eller motorvogner som ikkje går på fossilt drivstoff, til dømes el-varebilar, motorvogner på biodrivstoff eller hydrogen
  • Diverse utstyr, som til dømes stripespreiarar
  • Andre energireduserande tiltak etter godkjenning av banken

Vilkår

Ynskjer du å finansiere grøne løysingar?

  • Banken vil følgje standardar for grøne næringslån der desse er etablert
  • Merk at lånetakar skal sjekke om det er høve for stønad frå Enova, kommunen eller andre aktørar. Ved eventuell stønad skal denne gå til nedbetaling av lånet

Snakk med ein våre rådgjevarar dersom du er usikker på om ynskja tiltak kvalifiserer for grønt næringslån.

Inge Teigen

Snakk med oss om grøne næringslån

Grøn utvikling

Som del av vår strategi for berekraft og samfunnsansvar er Luster Sparebank sertifisert som Miljøfyrtårn. I samband med denne har me redusert vårt energiforbruk, auka avfallssorteringa og gjenvunne utrangerte møblar. Frå 2018 – 2021 har me redusert vårt CO2-utslepp med heile 42%.

I april 2021 vart me den første banken i Sogn som er resertifisert etter dei nye og strenge kriteria for bank- og finansbransjen. Me arbeidar stadig med å redusere vår påverknad på klimaet.

Du kan lese meir om vårt arbeid i Strategi for berekraft og i rapporten; Samfunnsrekneskap. Me i Luster Sparebank ynskjer å ta vår del for å sikre ei grøn utvikling i tida framover.

Planter vokser på mynter ved siden av ett hus i tre. Foto.

Luster Sparebank er sertifisert Miljøfyrtårn

Les meir om banken sitt arbeid innan berekraft
Arbeider som skrur en skrue med drill. Foto

Forsikre dine tilsette, dine eigedelar og din pensjon. Me hjelper deg

Les meir om å sikre di bedrift
Mann i dress som lener seg på en klokke. Illustrasjon

Enkel og sikker i bruk, og skreddarsydd for bedrifter

Opprett Nettbedrift du også

Me ynskjer di tilbakemelding!