Me kan gje deg svar på lånesøknaden innan ein time i opningstida – men det kan henda du vil snakka med nokon om ting du lurer på framfor ei slik stor avgjerd. Til dømes:
- korleis fungerer ein bodrunde?
- treng eg finansieringsbevis?
- kva bodstrategiar kan eg bruka?
- bør eg selja før eg kjøper nytt?
- kor mykje kan eg låna?
- kor mykje eigenkapital treng eg?
Ein av rådgjevarane våre tek gjerne ein prat med deg på telefonen før du hoppar ut i det. Med ei personleg og fagleg vurdering er det lettare for deg å gjera trygge val som gjev deg handlerom i kvardagen.
Ring oss på 57 68 27 00 eller send inn skjemaet nedafor, så ringjer me deg når det passar på dag- eller kveldstid.
Få gratisbillett til Lustrabadet!
Nett no får du til og med ein gratis billett til Lustrabadet* dersom du oppgjev referansen NY KUNDE og snakkar med oss om eitt av desse emna:
- Bustadlån / Billån
- Refinansiering
- Sparing
- Økonomisk rådgjeving
- Forsikring
eller om du sender inn skjemaet ovanfor.
Me kan gje deg lånesvar på timen!
Har du funne draumebilen eller leiligheita og vil sjå på den med det same? Med ditt løyve på SMS kan me henta inn alle opplysningane me treng til å handsama lånesøknaden din og gje deg svar innan ein time i opningstida. Greitt å vita dersom du bestemmer deg raskt!
Rask & personleg sognabank
Luster Sparebank er ein heilt fri og uavhengig «sognabank» der alle avgjerder blir tekne lokalt i eige hus. Me vil aktivt hjelpa deg som ønskjer å skapa det gode liv her og bidra til eit sterkt lokalsamfunn i Sogn.
Me trur at den beste hjelpa me kan gje deg er fagleg funderte svar, raskt og personleg. Velkomen som kunde i Luster Sparebank – EKTA SOGNABANK.