Ikkje-digitale kundar
Me har fleire tenester for deg som ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av digitale verktøy
Kom innom oss
I lokala våre kan me hjelpe deg med å ta ut kontantar, betale rekningar og utføre overføringar.
Dersom du har fått deg bankkort eller nettbank, men er usikker på korleis du skal bruke desse, kan nokon frå kundesenteret vårt vere med å rettleie deg dei første gongene.
Klikk her for å sjå vår adresse, telefonnummer og gjeldande opningstider i Gaupne og på Hafslo
Nyttige banktenester for deg
Det er viktig å ta hand om sin personlege økonomi. Nedanfor er ei kort beskriving av banktenester som ikkje krev bruk av internett, nettbank eller smarttelefon. Ta kontakt med vårt kundesenter om du treng hjelp til å komme i gang med desse.
Ein bankkvardag utan digitale verktøy
Brevgiro
Med brevgiro kan du betale rekningar og overføre pengar frå kontoen din til andre kontoar ved å sende inn rekningane eller giroblankettane til oss i posten. Send giroblankettar saman med signert følgjeseddel i forhåndsadressert konvolutt.
Avtalegiro
Med Avtalegiro blir dine faste rekningar betalt automatisk. Tenesta er gratis.
Telebank
Telebank, eller kontofonen, kan du ringe på telefonnummer +47 81 50 09 20. Der kan du få opplyst saldo på kontoen din, overføre pengar mellom kontoar og betale rekningar over telefon. For å få tilgang til telebanken må du først ha skrive under ein telebankavtale med oss.
Bankkort
Med eit bankkort kan du handle, sette inn og ta ut pengar frå din brukskonto. Beløpet du kjøper ei vare eller teneste for blir belasta nærast i sanntid.
Me kan bestille deg eit bankkort, dette mottek du i posten. Nokre dagar etterpå vil du også motta den tilhøyrande personlege PIN-koden. PIN-koden er ein firesifra kode du treng for å betale med kortet i butikk. Er kjøpet på under 500 kroner treng du ikkje alltid nytte PIN-koden, då treng du kun legge kortet inntil terminalen. Pass på å lære deg PIN-koden utenat, den bør ikkje ligge ved bankkortet ditt.
Kontantinnskot og -uttak
Me kan hjelpe deg med å sette inn og ta ut kontantar i våre bankfilialar. Om du har eit bankkort kan du nytte deg av minibankar over heile landet til kontantuttak. Banken har også minibankar i Gaupne og på Hafslo.
I daglegvarebutikkar får du som regel ta ut kontantar ved å bruke bankkortet og PIN-koden din. Nokre butikkar er merka med skiltet «Kontanttjenester i butikk«, og i desse butikkane kan du både ta ut og sette inn kontantar.
Kontoutskrift i posten
Som bankkunde hjå oss, kan du få kontoutskrifta di tilsendt i posten kvar månad.
Klikk her for å sjå prisliste for dei ulike betalingstenestene
Disponent på konto
Dersom du ynskjer at nokon andre du stolar godt på skal hjelpe deg med å betale rekningar eller ta ut kontantar for deg, kan me i banken hjelpe deg med å setje opp ei disposisjonsfullmakt for kontoen din.
Me kan også gje deg rettleiing i å opprette ei framtidsfullmakt, som vil bli gjort aktiv den dagen du ikkje klarar å ta vare på interessene dine sjølv.
Les meir om framtidsfullmakt her
Hjelp til andre digitale tenester
Mange private og offentlege tenester nyttar seg i dag av BankID eller andre elektroniske ID’ar for innlogging og signering. For å få BankID av banken, er det krav om at du må kunne bruke denne sjølv. BankID er personleg, akkurat som din signatur. Dersom du ikkje kan bruke BankID sjølv, kan du gje fullmakt til nokon andre for å få hjelp til digitale tenester. Denne fullmakta gjer at nokon du stolar godt på kan logge inn med sin eigen BankID på vegne av deg på ulike tenester, til dømes Helse Norge, NAV og Statens Vegvesen.
På desse sidene kan du lese meir om fullmakt, samt laste ned og skrive ut skjema for fullmakt: