Gå til sideinnhold
Heim / Aldri gje frå deg passord til Nettbank eller BankID
Eldre kvinne snakker med mulig svindler i telefonen. Foto

Aldri gje frå deg passord til Nettbank eller BankID

Det er svindlarar på ferde som ringer og utgir seg for å vere frå ein bank, politiet eller skatteetaten. Dei brukar ulike metodar for å lure folk til å oppgi informasjon. Denne blir så misbrukt til svindel.

Uansett kven som ringer deg, må du aldri oppgi passord eller eingangskodar.

Ein bank, politiet eller andre offentlege mynder vil kanskje spørje deg om du har til dømes BankID, men dei spør deg aldri om eingangskodar, passord eller kortdetaljane dine.

Eingangskodar, passord og kortdetaljane dine er personlege, og skal aldri delast med nokon.

Kva skal du gjere ved svindel?

Dersom du skulle vere uoppmerksam og er usikker på om den personlege informasjonen din er kommen på avvege, må du ringe sperretelefonen med ein gong, eller kontakte oss i banken i opningstida.

For å sperre kort, BankID eller nettbank kan du ringe døgnopen sperretelefon på

Tlf.: (+47) 21 49 23 92

Kontakt banken (i banken si opningstid)

Me ynskjer di tilbakemelding!