Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Ikkje bli «finansministar» til nokon du er glad i, bli heller disponent!

Ikkje bli «finansministar» til nokon du er glad i, bli heller disponent!

Eldre par går langs en grusvei. Foto

Din BankID er berre din

Over 4 millionar nordmenn nyttar BankID, men fleire veit ikkje at BankID-passord og kodebrikke aldri skal delast med andre.

Din BankID er din elektroniske legitimasjon og med den kan du alltid gjere greie for kven du er. I staden for pass, kulepenn og papir, brukar du BankID med kodebrikke, BankID-appen eller BankID på mobil.

Det er ofte i familierelasjonar at passord til BankID delast. Ei mor eller ein far har kanskje ansvaret for økonomien heime, eller eit eldre familiemedlem har behov for hjelp med sine rekningar. Men dette kan få uheldige følgjer.

Har du BankID til ein annan person får du tilgang til denne sin identitet. Med BankID er det mogleg å søke om lån og kredittkort, gjennomføre betalingar, pantsette bustadar, få tilgang til helseopplysningar, skatteopplysningar og andre offentlege tenester.

Å dele BankID med nokon ein stoler på går bra i dei fleste tilfella, men det kan få uheldige følgjer. Konsekvensane kan bli store om BankID’en din kjem på avvege.

Kva kan skje dersom andre har min BankID?

I verste fall kan nokon som har tilgang til din BankID ta opp lån i ditt namn, pansette huset og andre bustader du eig, og vidare få tilgang til personleg informasjon om di helse og økonomi. Ein familiekonflikt eller tidlegare partnar som ynskjer å gjere skade, kan gje deg store økonomiske følgjer.

Hvit BankID-logo på lilla bakgrunn. Illustrasjon
BankID er berre din, ikkje del dine kodar eller passord med andre.

I tillegg er det også fleire dømer på svindelforsøk med BankID, der framande forsøker å lure deg (eller nokon som har din BankID) til å logge inn på ei falsk nettside, eller ber deg om å oppgje passordet ditt.

Ikkje ver «finansministar», bli disponent

Slik du ikkje gir passet til ein annan person, bør du heller ikkje gje BankID’en din til nokon andre. Blir BankID nytta til signering av ein avtale så blir denne like bindande som ein handskriven signatur på papir. Din BankID er berre din, derfor bør kodebrikke og BankID-passordet vere privat.

Mange av oss ynskjer å hjelpe og støtte opp om dei ein er glad i. Då er det fort føre ein blir «finansministar». I staden for å «låne» BankID til sambuaren din, barnet ditt eller eit eldre familiemedlem så bør du heller bli disponent til ein eller fleire kontoar dei eig.

Som disponent vil du få høve til å sjå saldo, overføre og betale frå kontoen. Det er både enkelt og trygt å bli disponent. Dette er ein god måte å få oversikt på og samarbeide om økonomien på.

Slik legg du til ein disponent

  • Logg deg inn i nettbanken
  • I hovudmeny vel du Kontoar – Gi andre tilgang til konto
  • Her får du oversikt over eigne kontoar du disponerer og kan enkelt legge til fleire disponentar på dine kontoar. Oversikta inneheld også kontoar du har fått disponentfullmakt til.
  • Kontoar du disponerer, også på vegne av andre, vil bli synleg i din eigen nettbank/mobilbank.
Randi Aarøy Nundal

Snakk med oss om du er usikker på korleis du best hjelper andre med banktenester.

3 tips til sikker bruk av BankID

  • Del aldri BankID passordet ditt med nokon. Sjølv ikkje familiemedlemmar, banken eller andre du stolar på.
  • Bruk eit unikt passord som du ikkje har nytta før eller nyttar andre stadar.
  • Bytt passord om du trur andre har fått tilgang til passordet ditt. Ring sperretenesta om du mistenker passordet er på avvege eller du er svindla.

Her kan du lese meir om BankID og her finn du ofte stilte spørsmål.

Er du utsett for ID-tjuveri? På Datatilsynet sine sider finn du gode råd.

Me ynskjer di tilbakemelding!