Gå til sideinnhold
Heim / Framtidsfullmakt

Framtidsfullmakt

Mann tar vare på og skyver eldre kvinne i rullestol på en grønn plen. Foto

Ei framtidsfullmakt kan sikre deg at nokon du stolar på tek vare på interessene dine den dagen du ikkje klarar det sjølv. Hjå vår partnar, Justify, kan du enkelt opprette ei framtidsfullmakt digitalt utan å måtte oppsøke advokat.

Enkelt og sjølvbetjent

Logg inn med BankID og få god rettleiing undervegs.

Trygt

Når du har gjort dine val vil ein advokat gå gjennom alt for å ivareta din tryggleik.

Kvalitet til låg pris

Levering av advokattenester på ein ny måte gjer at fleire kan få råd til å ta gode og trygge livsval.

Kva er ei framtidsfullmakt?

Ei framtidsfullmakt er verktøyet du treng for å ta eit eige val om kven som skal ta vare på interessene dine dersom du ein gang i framtida skulle bli ute av stand til å ta eigne val.

  • Vel ein eller fleire fullmektigar
  • Ta gode val rundt framtida di
  • Sikre deg sjølv og dine næraste

Framtidsfullmakt gjennom Justify

  • Du vel kven som skal ta vare på dine personlege og økonomiske interesser den dagen du ikkje lenger klarar det sjølv. Dette kan vere ein eller fleire personar.
  • Du får rettleiing undervegs som hjelper deg til å ta trygge og rette val.
  • Personleg tilpassa deg og kvalitetssikra av advokat før signering med BankID.
  • Etter signering vil fullmakta bli oppbevart for sikker lagring og gjort tilgjengeleg for deg og fullmektig på «Min side».
    Du kan prøve tenesta gratis og betale når du er klar til å fullføre.

Dette lurer mange på:

Korleis fungerer eit abonnement hjå Justify?

Eit abonnement på Justify inkluderer:

  • Sikker lagring av dokumenta dine
  • Ubegrensa høve til å gjere endringar
  • Rettleiing og faglege råd
  • Varslingsteneste ved behov for oppdateringar
  • Advokat som føl opp og kvalitetssikrar dine avtalar
  • Rettleiing til dine næraste ved alvorleg sjukdom eller død

Eit abonnement på 12 månadar er inkludert i prisen ved oppretting av avtale. Deretter er prisen kr 39,-/mnd. og varar til det vert sagt opp.

Dersom du ynskjer å sei opp abonnementet vil du få tilbod om å laste ned avtalane dine kostnadsfritt.

Kva kostar det å oppdatere dokumenta mine?

Du kan endre, legge til eller fjerne detaljar i dokumenta dine utan ekstra kostnad i 12 månadar frå du kjøper ei teneste.

Kven og kva er Justify?

Justify består av teknologiselskapet Justify AS og Justify Advokatfirma AS.

Er kommunikasjonen min med Justify heilt privat?

Ja, Justify er underlagt teieplikt og følgjer Advokatforeninga sine reglar for god advokatskikk.

Meir informasjon om Justify

På Justify sine nettsider finn du meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål og svar.

Klikk her for å lese meir om Justify

Lene Fuhr Sandvik

Treng du hjelp eller råd?

– Juridiske avtalar på nett til folk flest, på ein enkel og forståeleg måte til ein overkommeleg pris.

Justify

Me ynskjer di tilbakemelding!