Gå til sideinnhold
Heim / Betaling og konto / Bankkonto / Depositumskonto

Depositumskonto

Et par bolignøkler blir overlevert fra en hånd til en annen. Foto

Depositumskonto er ein konto som blir nytta i samband med leige eller utleige av bustad. Eit depositum blir sett inn på kontoen som sikkerheit for leigeforholdet.

Sikkerheit

Dersom husleiga ikkje blir betalt, kan huseigar krevje depositumet for å dekke husleiga, eventuelt skader eller hærverk på bustaden.

Oversikt

Både utleigar og leigetakar kan sjå saldo på kontoen i sin nettbank eller mobilbank.

Avtale om uttak

Det må vere avtale eller einigheit mellom partane for at pengane skal betalast ut frå kontoen.

Kva er ein depositumskonto?

Depositumet tener som trygd for husleige eller eventuelle skadar som vert påført bustaden.

Depositumskontoen skal opnast i utleigar sin bank, men skal stå i leigetakaren sitt namn. Depositumsbeløpet som er avtalt og innbetalt på kontoen er sperra, og kan berre disponerast av leigetakar og utleigar i fellesskap.

Slik opprettar du ein depositumskonto

Depositumskonto kan opprettast i nettbanken. Det er utleigar som startar prosessen med å opprette kontoen i eigen privat Depositumskonto kan opprettast i nettbanken. Det er utleigar som startar prosessen med å oppretta kontoen i sin nettbank. For å oppretta depositumskonto i nettbanken må utleigar vera ein privatperson. Dersom utleigar er eit firma, må banken kontaktast for å oppretta kontoen.

Utleigar vel Opprette konto i hovudmenyen, og fyller ut skjema med påkravd informasjon om leigetakaren:

  • Namn
  • Fødsels- og personnummer
  • E-post og telefonnummer

I tillegg må fylgjande informasjon fyllast ut/leggjast ved:

  • Kopi av leigekontrakt (pdf)
  • Adressa til utleigeobjektet

NB! Om leigetakar ikkje er kunde i Luster Sparebank frå før så må leigetakar legge seg opp før han/ho kan signere kontoavtalen utleiger har laga. Dette gjer ein ved å gå til heimesida til Luster Sparebank trykk MENY –  Bli kunde og fyll ut skjemaet. Leigetakar vil bli kontakta når skjemaet er innsendt for videre oppretting.

Når utleigar har signert kontoavtalen med sin BankID, får leigetakar varsel på SMS og e-post med informasjon om depositumskontoen. Leigetakar brukar BankID for å signere avtalen. Avtalen finn dei under Logg inn – esignering. 

NB! Om leigetakar ikkje er kunde i Luster Sparebank frå før så må hen legge seg opp før hen kan signere kontoavtalen utleiger har laga.

Depositumskontoen vert no oppretta i leigetakar sitt namn, og tilgjengeleg i leigetakar og utleigar sine nettbankar i Luster Sparebank. Kontoen vil stå i minus til leigetakar har betalt inn det avtalte depositumsbeløpet til kontoen.

Reglar for depositumskonto

Depositumsbeløpet kan ikkje overstiga seks månaders husleige. Leigetakar eig kontoen og får rentene som eventuelt vert godskrive kontoen. Kontoen er sperra slik at verken leigetakar eller utleigar kan ta ut pengane utan samtykkje frå den andre. Utleigar kan sjå kontoen i sin nettbank.

Leigetakar må vera over 18 år.

Avslutning av depositumskonto

Når leigeforholdet opphøyrer, frigir utleigar depositumskontoen frå nettbanken sin. Kontoen vert då gjort om til ein vanleg bankkonto for leigetakar. Leigetakar vil få melding om at kontoen er frigitt.

Utleigar kan frigi heile eller deler av det innbetalte dpositumsbeløpet på depositumskontoen.

Randi Aarøy Nundal

Me hjelper deg om du lurer du på noko om depositumskonto

Nye boliger i byggefelt. Foto

Skal du leige ut bustaden din?
Då kan det vere lurt å sjekke forsikringsvilkåra dine

Les meir om Frende husforsikring
Mor og datter ler på kjøkkenet. Foto

Alle kan vere uheldige. Innbuforsikring er forsikringa alle må ha

Les meir om Frende innbuforsikring

Dette lurer mange på om depositumskonto

Kan eg sjå depositumskontoen i nettbanken min?

Ja, både utleigar og leigetakar kan sjå depositumskontoen i sin eigen nett- og mobilbank.

Kvifor står depositumskontoen i minus/null?

Beløpet som skal betalast inn som depositum vert sperra i leigeperioden. Før beløpet er innbetalt vil det difor sjå ut som at dette beløpet står i minus. Når beløpet er innbetalt, vil disponibel saldo på kontoen vere null.

Me ynskjer di tilbakemelding!