Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Bustadlån / Mellomfinansiering

Mellomfinansiering

Utsikt fra Indre Hafslo mot Lustrafjorden. Foto

Av og til kjøper ein seg ny bustad før ein har selt den ein bur i no. I perioden ein sit med to bustadar har ein ofte behov for mellomfinansiering. 

Kjøpe først

Med mellomfinansiering kan du kjøpe ny bustad før du sel den gamle.

Klar for kjøp

Du kan kapre draumebustaden viss den dukkar uventa opp.

Avdragsfritak

Det er mogleg å søke avdragsfritak i tida du sit med to lån.

Om mellomfinansiering

Av og til kjøper ein seg ein ny bustad før ein har selt den ein bur i no. I perioden ein sit med to bustadar har ein behov mellomfinansiering. Enkelt forklart betyr dette at du får innvilga eit nytt lån samtidig som du beheld det gamle lånet ditt.

I denne tida oppfyller låna som oftast ikkje Utlånsforskrifta. Det er vanleg at banken stiller krav om at Utlånsforskrifta sine lovkrav skal vere oppfylt når ein har fått selt den gamle bustaden sin og sit att med kun det nye bustadlånet.

Utlånsrenta er litt høgare i mellomfinansieringsperioden og det blir alltid avtalt mellom kunde og bank ein dato som mellomfinansieringa skal vere avslutta. I tida ein sit med to bustadlån kan ein søkje om avdragsfritak på begge låna og kun betale renter slik at månadskostnaden blir overkomeleg.

Tips!

Dersom du ynskjer å kjøpe ny bustad er det lurt å ta ei verdivurdering av noverande bustad så snart som råd er. På denne måten er det mogleg å berekne eigenkapital og dine moglegheiter for nytt bustadlån.

Me ynskjer di tilbakemelding!