Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Bustadlån / Eg vil kjøpe bustad, korleis går eg fram?

Eg vil kjøpe bustad, korleis går eg fram?

Familie har kjøpt bolig, en gutt og en jente sitter i midten med mor og far på hver sin side-PB

Same kva livsfase du befinn deg i så ynskjer me å hjelpe deg med å realisere draumane dine. Her kan du lese vår rettleiing til bustadlån og huskjøp.

Drøymer du om eit større hus eller ei mindre leiligheit?

Tak over hovudet må ein ha. Men kva tak det skal vere varierer gjennom livet. Frå barndomsheim til studenttilvere, til å flytte saman med kjærasten sin. Familien aukar på med hund, katt og barn og venene deira. Barna blir ungdom og brått er det du og kjærasten din som fyller heimen att åleine. Livet går i sirklar og behova endrar seg. Same kva livsfase du befinn deg i så ynskjer me å hjelpe deg med å realisere draumane dine.

Oversikt

Det er lurt å ta kontakt med banken tidleg i prosessen. Me kan då få rekne på kva utgifter som høver til di inntekt og såleis kva rom du har i økonomien din til å ta på deg nye forpliktingar. For å få ei oversikt over din økonomiske situasjon sender me deg eit spørsmål om samtykke slik at me kan få innhenta oppdatert inntekts- og skatteinformasjon direkte frå Skatteetaten. Me er lovpålagde å gjere ei grundig vurdering og me spør deg difor undervegs etter meir informasjon og evt. dokumentasjon. Dette kan til dømes vere saldo på andre lån og kva du betalar på denne kvar månad, om inntekta di er fast og om du har barn du har forsytaransvar for.

Dersom du allereie eig ein bustad er det også lurt å ta ei verdivurdering av denne slik at du veit kva eigenkapital du kan sjå føre deg at du har med deg inn i neste bustad. Når me har alle tal på bordet får du ei stadfesting frå oss på kor mykje du kan kjøpe ny bustad for.

Kjøp av bustad

Du er no klar til å gå på visningar. Finn du draumebustaden kan du også legge inn bod på bustaden. Dei aller fleste bod blir lagt inn elektronisk. Det er difor lurt å sjekke at BankID`en din virkar som den skal før du set i gang denne prosessen. I bodskjemaet legg du inn dine personalia, eigenkapital, lånesum og kontaktinformasjonen til banken. Når meklar mottek bodet ditt ringer denne til banken og me stadfestar bodet. Enkelt og greitt!

Tidlegare var finansieringsbevis mykje brukt. Dette er eit dokument som banken har signert og stempla der maks kjøpesum framgår. Finansieringsbevis er no svært lite brukt. Dersom du likevel skulle ha behov for det kan du kontakte oss så skal me ordne dette til deg.

Når du har vunne bodrunden må de skrive kjøpekontrakt. Svært mange kjøpekontraktar og skøyter blir eSignert med BankID. Kjøpekontrakten sender du til banken så snart du har motteke den.

Signering og utbetaling

Banken har no all informasjon me treng for å køyre lånesaka di. Også lånesaka kan eSignerast med BankID. I enkelte tilfelle må pantedokumentet framleis signerast i papirform, og då må me ofte rekne litt ekstra tid til postgang.

Når lånesaka er signert er lånet klart til utbetaling. Det er vanleg at meklar ynskjer pengane på konto eit par dagar før overtaking. Det er viktig at du samlar all eigenkapital på konto hjå oss i god tid. Me betalar heile beløpet som står i kjøpekontrakten til meklar – både lån og eigenkapital. Me sender også melding til meklar om at beløpet er betalt og sikrar oss at alt er riktig.

Alle lånte ting må leverast attende – også pengar. I lånesaka har me blitt einige om at det skal trekkast ein avtalt sum på ein avtalt dato, frå ein avtalt konto. Dette er fast kvar månad og summen du betalar kallast terminbeløp. Terminbeløpet blir trekt automatisk så lenge du har pengar på kontoen din. Det kan vere lurt å ha trekkdato på lønningsdagen. Du vil finne oppdatert nedbetalingsplan i nettbanken din.

Overtaking av ny bustad

Overtakingsdag er ein stor dag! Denne dagen skal du kun glede deg over din nye heim og vere trygg på at me har ordna alt det formelle i banken for deg. Me gledar oss saman med deg!

– Me er med deg heile vegen.

Luster Sparebank

Me ynskjer di tilbakemelding!