Gå til sideinnhold
Heim / Lån / Bustadlån / Krav ved utlån

Krav ved utlån

Paragraf i utlånsforskriften. Illustrasjon

Når du ynskjer å ta opp eit lån er det fleire lovkrav som må oppfyllast. Desse er nedfelt i Utlånsforskrifta.

Kva er Utlånsforskrifta? 

Tidlegare var det Boliglånsforskrifta som gav retningslinjer for utlån, no er den erstatta av Utlånsforskrifta. Forskrifta gjev reglar for kor mykje banken kan låne ut til kundane sine basert på:

  • Betjeningsevne 
  • Gjeldsgrad 
  • Belåningsgrad
  • Eigenkapital 
  • Avdrag

Betjeningsevne = di evne til å betale tilbake 

Når du tek opp lån skal banken berekne di evne til å kunne betale det tilbake. Inntekta di må vere fast, stabil og dokumenterbar. Dersom du har utleigedel i bustaden kan dokumenterte leigeinntekter også takast med i berekninga. Vidare ser banken på utgiftene dine og legg til grunn gjennomsnittlege utgifter for livsopphald, som kostnadar til mat, klede, medisin, mobil og fritidsaktivitetar. I tillegg kjem utgifter til barnepass, bil, bustad, forsikring og liknande. Det som blir til overs er ledig til å kunne betjene renter og avdrag på lånet. Banken er også pliktig til å passe på at du kan betjene lånet dersom renta aukar 5%.

Du kan lese heile Utlånsforskrifta på nettsidene til Lovdata

Gjeldsgrad = gjelda di i forhold til inntekta di 

Utlånsforskrifta seier at kunden si samla gjeld ikkje kan overstige fem gonger brutto inntekt. All gjeld ein har skal reknast med her. Har du til dømes billån og studielån blir det mindre rom til bustadlån. Også fellesgjeld knytt til eigedom skal reknast med her. Dersom du ikkje oppfyller inntektskravet åleine kan du ha med deg ein medlånetakar. Medlånetakaren er like ansvarleg for lånet som deg. Du kan framleis stå som einaste eigar av bustaden din.

Belåningsgrad = storleik på lånet ditt i forhold til verdien på sikkerheita 

Utlånsforskriften seier at bankane ikkje skal låne ut meir enn 85% av marknadsverdien/kjøpesummen når du får bustadlån. Vil du kjøpe sekundærbustad i Oslo kan du ha maks 60% belåningsgrad.

Krav til eigenkapital

Eigenkapitalskravet kan løysast på fleire måtar: 

  • Du har spart opp mykje pengar og oppfyller vilkåret om 15% eigenkapital. Utgifter til omkostningar og dokumentavgift kjem i tillegg.
  • Du har spart ein del pengar i BSU som du kan nytte som eigenkapital. Du kan velje om du vil behalde BSUen din slik at du kan fortsetje å spare, eller om du vil avslutte den.
  • Du har ikkje oppsparte midlar å gå inn med. Du treng då ein kausjonist som stiller sikkerheit i sin eigen eigedom tilsvarande det du manglar i eigenkapital.
Evelyn Bukve Gunnestad

Er du usikker på korleis du kan løyse kravet om eigenkapital så hjelper me deg gjerne.

Avdrag

Utlånsforskrifta stiller krav om at du må betale avdrag på lån som er høgare enn 60% av verdien på bustaden din. Lågaste innbetaling per år må vere 2,5% av lånet, og det avdragsbetalinga ville vore på eit annuitetslån med 30 år løpetid. Dersom du ynskjer avdragsfritak på lånet ditt må lånet utgjere mindre enn 60% av bustaden sin verdi. Har du til dømes ein bustad med verdi 3.000.000 kr må lånet vere på under 1.800.000 kr for å kunne få avdragsfritak.

Bankane har høve til å gjere unntak frå Utlånsforskrifta 

Etter individuell vurdering kan bankane innvilge lån til kundar som ikkje oppfyller alle krava i Utlånsforskrifta. I Luster Sparebank har me bestemt at denne kvoten skal nyttast til unge nyetablerarar i vårt geografiske nærområde. Unntakskvoten er på maksimalt 10% av alle innvilga lån kvart kvartal. Me har ikkje høve til å gjere unntak frå regelen om betjeningsevne då dette vil kunne  setje deg i ein vanskeleg økonomisk situasjon der løna di ikkje rekk til alle dine forpliktingar. Me kan derimot vurdere unntak frå gjeldsgrad og belåningsgrad. Dersom dette er aktuelt for deg må du ta kontakt med oss for ei vurdering.

Familie har kjøpt bolig, en gutt og en jente sitter i midten med mor og far på hver sin side-PB

Eg vil kjøpe bustad, korleis går eg fram?

Les vår steg-for-steg-rettleiing til bustadlån og huskjøp.

Me ynskjer di tilbakemelding!