Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Pensjonssparing
Pensjonister sitter på en benk under noen trær og ser utover solnedgangen i havet. Foto

Pensjonssparing

Det er fornuftig å starte sparing til pensjon tidleg i yrkeskarriera slik at du kan leve det livet du ynskjer som pensjonist.

Kvifor skal eg spare til pensjon?

Tidleg i livet er det nok andre ting ein sparar til, men etter kvart som alderen og inntekta aukar kan det vere smart å starte med sparing til pensjon. Start gjerne tidleg med ein liten sum og auk summen etter kvart som åra går.

Når du går av med pensjon vil inntekta di gå ned. Det kan difor vere greitt å ha nokre sparepengar på lur, slik at du kan leve det livet du ynskjer.

Fleire vil ha behov for å byte til ein meir eigna bustad når ein blir eldre. Difor bør ein også ta høgde for at dette vil koste. I mange tilfelle kostar ei mindre, men meir eigna leiligheit meir enn einebustaden ein har eigd gjennom store deler av livet.

Nokon ynskjer kanskje å oppleve nye ting, som å reise ut i verda, eller kjøpe seg ei hytte på fjellet. Når du blir pensjonist får du betre tid til å realisere draumane dine, og då er det godt å ha nokre sparepengar å ta av.

Korleis bør eg spare til pensjon?

Det er mange måtar å spare til pensjon.

Ein kan til dømes spare i fond og aksjar. Historisk sett får ein betre avkastning over tid med sparing i fond enn ved kontosparing.

Du kan også spare til pensjon og utsette skatt med individuell pensjonsordning (IPS).

Er du usikker på korleis du bør spare, kan me hjelpe deg med gode råd. Uansett om det gjeld sparing i fond, på konto eller IPS.

Kjell Håvard Skeide

Er du usikker på pensjonssparing? Ta kontakt så hjelper me deg.

Kalkulator og penn ligger på en skriveblokk. Foto

Sjå kor mykje du kan forvente i årleg pensjon

Gå til pensjonskalkulatoren

Me ynskjer di tilbakemelding!