Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Sparing for barn

Sparing for barn

Startar ein tidleg med sparing til barn, så får små beløp god tid til å bli store.

Mor kysser og tar vare på barnet utendørs på en eng. Foto

Det er viktigare enn nokon gong å lære barna gode økonomiske vanar tidleg. Dette vil legge eit godt grunnlag for vaksenlivet.

Gode råd!

  • Start å snakke med barna om sparing tidleg og forklar kvifor dette er viktig.
  • Synleggjer at alt kostar pengar. Får dei til dømes 20 kroner i vekeløn i starten, må dei kanskje spare 3 veker før dei har råd til å kjøpe seg eit Donald-blad.

Pengar ein får til bursdag eller jul kan setjast inn på ein plasseringskonto i banken. Der står dei trygt til barnet er 18 år og får råderett over dei sjølv. Uttak frå kontoen før barnet er 18 år krever samtykke frå dei med vergeansvar, til dømes føresette.

Dersom ein ynskjer å sette av ein fast sum kvar månad, kan ein spare på månadsspar eller i aksjefond.

Ein liten fast sum i månaden kan bli til ein stor sum i framtida!

Me ynskjer di tilbakemelding!