Banksparing
Med ein sparekonto er pengane dine trygt plassert i banken. Me tilbyr ulike sparekontoar tilpassa ulike sparemål.
Sikkert
Med ein sparekonto har du pengar i reserve
Betre rentevilkår
Ein sparekonto vil gje deg høgare rente enn ein brukskonto
God kontroll
Du får full oversikt over sparinga i nettbanken og mobilbanken din
Me tilbyr ulike typar sparekonti som
Fastrenteinnskot
Sparing for deg som ynskjer trygg plassering på bankkonto med forutsigbar rente. Renta på vårt fastrentetilbod er markedstilpassa til ei kvar tid, og avkastinga er garantert i avtaleperioden uavhengig av korleis det generelle rentenivået utviklar seg.
- Me tilbyr fastrenteinnskot med 6 eller 12 månadars binding.
- Opptente renter blir utbetalt når bindingstida er over.
- Minstebeløp på konto: 50.000 kroner
| Produkt | Rente | |
|---|---|---|
| Fastrenteinnskot 1 | Bindingstid 6 månadar | 4,40% per år | Bindingstid 12 månadar | 4,35% per år |
1 ) Tilbod på fastrente blir varsla annakvar veke. Minsteinnskot er kr 50 000,-. Tilbodet kan bli trekt utan varsel. Ved evt. uttak i bindingsperioden blir det rekna eit gebyr på 2% av uttaksbeløpet. Gebyret blir berekna frå tidspunktet for uttak fram til sluttdato for bindingstida. Uttaksgebyret blir automatisk belasta konto.
Plasseringskonto
Sparing for deg som vil spare langsiktig i banken til ei god rente.
- 6 gebyrfrie uttak på konto
- Inga krav til minstebeløp
- Flytande rente på konto
- Beste rente forutset innskot over 500 000,-
- Ingen bindingstid
| Produkt | Rente | |
|---|---|---|
| Plasseringskonto 1 | Kr 0 – 100 000 | 2,75% (2,50% f.o.m. 25.11) | Kr 100 000 – 500 000 | 3,00% (2,75% f.o.m. 25.11) | over kr 500 000 | 3,65% (3,40% f.o.m. 25.11) |
1 ) Ved fleire uttak (over 6) blir det rekna eit gebyr på 2% av uttaksbeløpet.
Langtidssparekonto
Langtidssparekonto er den mest anvendelege sparekontoen vår. Du kan bruke pengane når du vil utan å tenke på uttaksbegrensningar. Mange nyttar denne som sin spare- og bufferkonto, men du kan ikkje knytte kort til denne kontotypen.
- Uavgrensa antall uttak
- Inga krav til minstebeløp
- Flytande rente på konto
- Beste rente forutset innskot over 200 000,-
- Ingen bindingstid
| Produkt | Rente | |
|---|---|---|
| Langtidssparing 1 | Kr 0 – 200 000 | 2,45% (2,20% f.o.m. 25.11) | over kr 200 000 | 2,70% (2,45% f.o.m. 25.11) |
1 ) Frå 8.10.22 blir det ikkje lenger rekna gebyr på uttak utover 12 uttak
Månadsspar
Sparing for deg som ynskjer å spare litt kvar månad til ei betre rente. Månadsspar kan fint brukast som bufferkonto. Det må alltid vere ein aktiv spareavtale tilknytta kontoen.
- Du kan spara maksimum kr 3.000,- per månad
- Maks kr 36.000,- per år, totalt kr 300.000,-
- Det er ikkje tillate med eingangsinnskot
- Inga krav til minstebeløp
- Flytande rente på konto
- Spareavtale og konto blir avslutta ved uttak
- Kun ein aktiv avtale om månadsspar per kunde
| Produkt | Rente | |
|---|---|---|
| Månadsspar 1 | Maks sparebeløp kr 3000,- kvar månad | 3,40% (3,15% f.o.m. 25.11) |
1 ) Avtale om fast sparing kvar månad, ein avtale per kunde, maks sparebeløp kr. 300 000,-. Ved uttak vert kontoen avslutta, ny spareavtale kan då opprettast.
BSU og BSU2
Det beste sparetilbodet for ungdom! Med BSU-konto kan du spare 27 500 kroner årleg og 300 000 kroner totalt. Du kan spare frå fylte 13 år til og med det året du fyller 33 år.
- Vår beste sparerente
- Inga krav til minstebeløp eller fast spareavtale
- Avtale om BSU blir avslutta ved uttak.
- Midlar frå BSU må nyttast til bustadføremål for å få det beste avtaleutbyttet (skattefrådrag).
Les meir om vilkåra for BSU her
Med BSU2 kan du doble sparebeløpet ditt! I lag med BSU kan du spare opp til heile 600 000 kr pluss renter til bustadsføremål. BSU2 gjev ikkje skattefrådrag, men du får god rente uansett beløp.
- Du må ha BSU for å opprette BSU2
Les meir om vilkåra for BSU2 her
| Produkt | Rente | |
|---|---|---|
| BSU 1 | Maks innskot kr 27 500,- per år | 6,35% (6,10% f.o.m. 25.11) |
| BSU2 2 | Maks innskot kr 27 500,- per år | 4,00% (3,75% f.o.m. 25.11) |
1 ) Når du fyller 34 år blir renta på BSU-konto sett til gjeldande rente for plasseringskonto.
2 ) Når du fyller 34 år blir renta på BSU2-konto sett til gjeldande rente for plasseringskonto.
Her kan du samanlikne kontoprodukta våre:
| Fastrenteinnskot | Plasseringskonto | Langtidssparekonto | Månadsspar | BSU og BSU2 | |
| Antall gebyrfrie uttak per år | 0* | 6** | Ubegrensa | 0*** | 0**** |
| Minstebeløp på konto | 50 000,- | 0,- | 0,- | 0,- | 0,- |
| Bindingstid | 6 eller 12 månadar | Nei | Nei | Nei | Nei |
| Fastrente | Ja, rentesum blir utbetalt når bindingstida er ute | Nei | Nei | Nei | Nei |
| Flytande rente | Nei | Ja, beste rente forutset innskot over 500 000,- | Ja, beste rente forutset innskot over 200 000,- | Ja | Ja |
| Krev fast spareavtale | Nei | Nei | Nei | Ja, maksimum 3000,- per månad | Nei |
**Ved fleire uttak (over 6) blir det rekna eit gebyr på 2% av uttaksbeløpet.
*** Spareavtale blir avslutta ved uttak. Kun ein aktiv avtale om månadsspar per kunde. Det er ikkje tillate med eingangsinnskot.
**** Avtale om BSU blir avslutta ved uttak. Midlar frå BSU må nyttast til bustadføremål for å få det beste avtaleutbyttet.
Opprett sparekonto
Du kan kontakte oss for å opprette ein sparekonto. Nokre av kontotypane kan du enkelt bestille i nett- og mobilbanken din.
Sparekalkulator
Funksjonen til sparekalkulatoren er å gje deg oversikt over kva sparepengane kan gjere for deg og verdien av renters rente. Det er aldri for tidleg å byrje å spare og me anbefalar at ein byrjar så snart økonomien din tillet det.
Gjer sparinga litt lettare
Synast du månadleg sparing er vanskeleg? Med ein avtale om Småsparing blir sparinga enklare. Då vil du spare litt kvar gong du trekk kortet. Les meir om Småsparing her.
Du kan også velje å opprette ei fast overføring frå lønnskontoen din til ein sparekonto. Du kan opprette fast overføring i nettbanken din her.
Me hjelper deg gjerne i gang med sparing
Dette lurer mange på om banksparing
Kva er forskjellen på bokført og disponibel saldo?
Alle norske nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.
For å vite kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo. Om du til dømes vil sjekke saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruke, utan fare for å overtrekke kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.
Kva er forskjellen på ein sparekonto og ein brukskonto?
Ein sparekonto har normalt betre rente enn ein brukskonto, og den kan ha avgrensningar i forhold til uttak. Ein kan ikkje knyte opp eit bankkort til ein sparekonto.
Kva skjer om banken får økonomiske problem?
Innskotsgaranti
Som kunde hjå oss har du ein garanti for innskota dine på inntil 2 millionar kroner.
Luster Sparebank er medlem av Bankenes sikringsfond. Dersom banken får økonomiske problem, garanterer Bankenes sikringsfond for dine bankinnskot, uavhengig om du er privatperson eller bedriftskunde. Gjennom innskotsgarantien sørger dei for at pengane du hadde i banken er tilgjengelege i løpet av sju arbeidsdagar.

