Gå til sideinnhold

BSU

Ungdom som sitter på en mur med føttene dinglende utenfor kanten. Foto

Det beste sparetilbodet for ungdom! Med BSU-konto kan du spare 27 500 kroner årleg og 300 000 kroner totalt. Du kan spare til og med det året du fyller 33 år.

Den gode renta

Du får banken si gode rente på BSU-kontoane uansett beløp.

Skattefrådrag

Du kan få skattefrådrag på inntil 2750 kr per år for sparinga di.

Utlånsforskriften er streng

Med BSU sikrar du deg startkapital. Du treng 15% eigenkapital når du kjøper deg bustad.

Dette er BSU

  • Du kan sjølv velje kor stort beløp du vil spare kvart år. Du kan maks spare 27 500 kr pr år og totalt 300 000 kr.
  • Du kan spare frå du fyller 13 år til og med året du fyller 33 år.
  • Dersom du ikkje eig bustad får du skattefrådrag på 10% av beløpet du har spart kvart år. Eig du bustad, får du ikkje skattefrådrag.
  • BSU-konto må vere oppretta før du kjøper bustad.
  • Du kan bruke BSU-kontoen til bustadføremål som eigenkapital ved kjøp, som sikkerheit bak bustadlån, nedbetaling av bustadlånet ditt eller vedlikehald og oppussing av bustaden din. Ved uttak til andre føremål må skattefordelen betalast attende.
  • Når du fyller 34 år blir renta på BSU-kontoen lik som rente på plasseringskonto.

Har du problem med å bestille BSU i din nettbank? Klikk her for å gå til manuelt bestillingsskjema.

Stue med blå sofa, hvit stol, TV og planter på hvit benk. Foto

Spar dobbelt opp med BSU2!

Med BSU2 kan du doble sparebeløpet ditt! Du kan spare opp til heile 600 000 kr pluss renter til bustadsføremål. BSU2 gjev ikkje skattefrådrag, men du får god rente uansett beløp.

Tips! Opprett fast overføring

Det er enkelt og smart å opprette ei fast overføring til din BSU. Legg du denne inn på ein dato like etter lønning, vil sparinga kunne gå leikande lett!

Sparekalkulator

kr
kr
år
%
Totalt sparebeløp
Renteinntekter 120 192 KR
Du sparar 344 131 KR

Dette lurar mange på om BSU

Eg har hatt BSU / BSU2 tidlegare som er blitt avslutta. Kan eg opprette ny?

Nei. BSU / BSU2 kan ein opprette kun ein gong i livet. Dette gjeld uansett kva føremål BSU / BSU2 vart avslutta til.

Når kan eg byrje å spare i BSU / BSU2 og kor lenge kan eg spare?

Du kan spare frå året du fyller 13 år og til og med året du fyller 33 år. BSU / BSU2 må vere oppretta før du kjøper bustad.

Kor mykje kan eg spare i BSU / BSU2?

Du kan spare maks 300.000 kr på kvar konto. Opptjente renter kjem i tillegg.

Får eg skattefordel på både BSU og BSU2?

BSU gjev skattefordel så lenge du ikkje eig bustad. Sparing i BSU2 får du ikkje skattefordel av. Det er difor lurt å spare i BSU2 dersom du ikkje har høg nok inntekt til å få utnytte skattefordelen slik at du beheld denne retten til du får inntekt og kan fylle opp BSU.

Korleis får eg skattefrådrag for BSU?

For å krevje frådrag i skatt må du hatt høg nok inntekt, skattepliktig og busett i Noreg. Banken rapporterar sparinga di direkte til Skatteetaten så dette går automatisk.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg la BSU / BSU2 stå eller må eg bruke pengane?

BSU / BSU2 blir rekna som eigenkapital enten du avsluttar kontoen eller let den stå for vidare sparing. Dette er eit litt komplisert reknestykke som me vil hjelpe deg med å finne riktig svar på ut i frå lovkrava i Utlånsforskrifta.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg likevel spare i BSU / BSU2?

Ja det kan du, men du mistar skattefordel på BSU. BSU / BSU2 blir då å sjå på som to sparekontoar med gode vilkår som må nyttast til bustadføremål.

Kan eg bruke BSU / BSU2 på oppussing?

BSU / BSU2 kan nyttast til kjøp av bustad, garasje eller tomt, betaling av renter og avdrag på eksisterande bustadlån og påkostningar eller vedlikehald av eigen bustad.

Kva skjer med BSU / BSU2 når eg fyller 34 år?

Kontoane kan bli ståande så lenge du ynskjer. Når du fyller 34 år blir renta på BSU / BSU2 sett lik som renta på ordinær sparekonto.

Korleis avsluttar eg BSU / BSU2?

Ta kontakt med banken for å avslutte BSU / BSU2.

Kan eg opprette BSU / BSU2 til barna mine?

Ja, det kan du. Hugs at det kan vere lurt å spare i BSU2 til barnet ditt dersom det ikkje har høg nok inntekt til å utnytte skattefordelen på BSU.

Trykk her for å lese meir om BSU på Skatteetaten sine sider.

Me ynskjer di tilbakemelding!