Gå til sideinnhold
Heim / Sparing / Banksparing / Månadsspar

Månadsspar

Jente sykler på grusvei med hvit hund bak seg. Foto

Spar litt kvar månad til ei betre rente. Månadsspar blir ofte brukt som bufferkonto.

Betre rente

Med månadsspar får du betre rente frå første krone enn du får på ein brukskonto.

Enkelt å endre

I nettbanken kan du enkelt endre beløp og anna i avtala om månadsspar.

Pengar i reserve

Månadsspar er fint å nytte til buffersparing. Det er ingen krav til kva pengane skal gå til.

Dette er månadsspar

Ein fin måte å spare til buffer er ved å inngå avtale om månadsspar. Du kan også nytte denne avtala om du sparar til eigenkapital for huskjøp eller som ekstra til pensjon. Du står fritt til å nytte sparepengane til det du vil. Med månadsspar set du enkelt opp sjølv kor mykje du ynskjer å spare kvar månad. Du får same gode renta.

Vilkår:

  • Du kan spara maksimum kr 3.000,- per månad
  • Maks kr 36.000,- per år, totalt kr 300.000,-
  • Det er ikkje tillate med eingangsinnskot
  • Spareavtalen blir avslutta ved uttak
  • Kun ein aktiv avtale om månadsspar per kunde

Gjeldande rente for månadsspar er 3,65%

Me ynskjer di tilbakemelding!