Gå til sideinnhold

BSU2

Stue med blå sofa, hvit stol, TV og planter på hvit benk. Foto

For deg som vil spare dobbelt så mykje til bustad med svært god rente.

Den gode renta

Du får banken si gode rente på BSU-kontoane dine uansett beløp.

Spar dobbelt så mykje!

Spar opp til 600 000 kr pluss renter med BSU og BSU2.

Utlånsforskriften for bustadlån er streng

Med BSU sikrar du deg startkapital. Du treng 15% eigenkapital når du kjøper deg bustad.

Dette er BSU 2

  • Du må ha BSU for å opprette BSU 2.
  • BSU 2 gjev ikkje skattefrådrag.
  • Du kan sjølv velje kor stort beløp du vil spare kvart år. Du kan maks spare 27.500 kr pr år og totalt kr 300.000.
  • Du kan spare frå du fyller 13 år til og med året du fyller 33 år.
  • BSU 2 må vere oppretta før du kjøper bustad.
  • Du kan bruke BSU-kontoen til bustadføremål som eigenkapital ved kjøp, som sikkerheit bak bustadlån, nedbetaling av bustadlånet ditt eller vedlikehald og oppussing av bustaden din. Ved uttak til andre føremål må skattefordelen betalast attende.
  • Når du fyller 34 år blir renta på BSU-kontoen lik som rente på plasseringskonto.

Tips! Opprett både BSU og BSU2 i dag!

Har du skattbar inntekt sparar du i BSU, har du ikkje skattbar inntekt kan du spare i BSU2. Garantert god rente uansett!

Gjer sparinga lett som ein leik!

Trykk her for å opprette fast overføring til din BSU. Då går sparinga heilt av seg sjølv.

Ofte stilte spørsmål om BSU2

Eg har hatt BSU / BSU2 tidlegare som er blitt avslutta. Kan eg opprette ny?

Nei. BSU / BSU2 kan ein opprette kun ein gong i livet. Dette gjeld uansett kva føremål BSU / BSU2 vart avslutta til.

Når kan eg byrje å spare i BSU / BSU2 og kor lenge kan eg spare?

Du kan spare frå året du fyller 13 år og til og med året du fyller 33 år. BSU / BSU2 må vere oppretta før du kjøper bustad.

Kor mykje kan eg spare i BSU / BSU2?

Du kan spare maks 300.000 kr på kvar konto. Opptjente renter kjem i tillegg.

Får eg skattefordel på både BSU og BSU2?

BSU gjev skattefordel så lenge du ikkje eig bustad. Sparing i BSU2 får du ikkje skattefordel av. Det er difor lurt å spare i BSU2 dersom du ikkje har høg nok inntekt til å få utnytte skattefordelen slik at du beheld denne retten til du får inntekt og kan fylle opp BSU.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg la BSU / BSU2 stå eller må eg bruke pengane?

BSU / BSU2 blir rekna som eigenkapital enten du avsluttar kontoen eller let den stå for vidare sparing. Dette er eit litt komplisert reknestykke som me vil hjelpe deg med å finne riktig svar på ut i frå lovkrava i Utlånsforskrifta.

Eg har kjøpt meg bustad. Kan eg likevel spare i BSU / BSU2?

Ja det kan du, men du mistar skattefordel på BSU. BSU / BSU2 blir då å sjå på som to sparekontoar med gode vilkår som må nyttast til bustadføremål.

Kan eg bruke BSU / BSU2 på oppussing?

BSU / BSU2 kan nyttast til kjøp av bustad, garasje eller tomt, betaling av renter og avdrag på eksisterande bustadlån og påkostningar eller vedlikehald av eigen bustad.

Kva skjer med BSU / BSU2 når eg fyller 34 år?

Kontoane kan bli ståande så lenge du ynskjer. Når du fyller 34 år blir renta på BSU / BSU2 sett lik som renta på ordinær sparekonto.

Korleis avsluttar eg BSU / BSU2?

Ta kontakt med banken for å avslutte BSU / BSU2.

Kan eg opprette BSU / BSU2 til barna mine?

Ja, det kan du. Hugs at det kan vere lurt å spare i BSU2 til barnet ditt dersom det ikkje har høg nok inntekt til å utnytte skattefordelen på BSU.

Me ynskjer di tilbakemelding!