Luster Sparebank - Aktiv & Tilgjengeleg
Banken sine vedtekter / Finansforetaksloven
Om banken
Luster Sparebank er i dag ein solid og offensiv bank og har som mål å vera ein av dei leiande frittståande sparebankane i Sogn. Banken er i fin vekst og har kundar over heile landet.
Luster Sparebank har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo.
Kundeautomatar begge stader.
Luster Sparebank vart skipa i 1848.
Dei tre lokale sparebankane: Hafslo Sparebank, Luster Sparebank og Jostedal Sparebank vart ein bank i 1975.
Dei tre sparebankane var alle samfunnsinstitusjonar med stor nytteverdi i si samtid. Med kommunesamaslåinga først på 1960-talet var det naturleg å tenkja ein kommune, ein bank. Det tok likevel litt tid å finna saman for dei tre bankane. Men sett i ettertid er det ikkje tvil om fornuften i å samla kreftene i ein bank for heile Luster kommune.
Samarbeidspartnerar
Luster Sparebank marknadsfører Vipps i samarbeid med ei rekke andre bankar.
Les meir på Vipps si side