Gå til sideinnhold
Heim / Om Luster Sparebank / PSD2 og Open Banking

PSD2 og Open Banking

Her finn du informasjon om PSD2 og open banking

Kva er Open Banking?

Open banking refererer til moglegheita for at ein tredjepartsleverandør i form av ei nettside, nettbank, app med meir kan få tilgang til bankdata gjennom opne APIar. På bakgrunn av data kan eit selskap, som ikkje nødvendigvis er bank, utvikla og levera nye applikasjonar og tenester.

Som eit resultat av Open banking vil kundar, uavhengig av kva bank dei er knytte til, få større moglegheiter når det kjem til val av applikasjonar og løysingar innan bank og finans.

PSD2-APIane er dei første som blir gjorde tilgjengeleg hjå oss. Desse gjer det for eksempel mogleg  å gjera kontoinformasjon frå andre bankar synleg i den nettbanken du er i.

Kva er PSD2?

PSD2, eller betalingstenestedirektivet er EU sitt direktiv som regulerer betalingstenester i EU sin indre marknad. Sidan Noreg er medlem av EØS omfattar dette også Noreg.

Kva betyr PSD2 og Open Banking for kundane?

Det blir mogleg å samla all kontoinformasjon om betalingskontoar på kun ein stad, på tvers av bankar. Dette vil gjera det enklare for deg som forbrukar å halda oversikt over eigen økonomi. På sikt vil det også bli enklare og billegare å gjennomføra betalingar utan å bruka bankkort.

I tillegg vil sikkerheita og forbrukarrettane bli tekne hand om på ein god måte, også dette på tvers av landegrensene.

Kva er eit API?

API er ei forkorting for «Application Program Interface», og er eit programvaregrensesnitt som gjer det mogleg for ulike applikasjonar å kommunisera med kvarandre. Svært forenkla kan eit API beskrivast som ein strukturert måte å overføra data frå ein stad til ein annan stad. Eit ope API betyr at eit selskap gjer delar av deira data tilgjengeleg for andre.

Er du utviklar og ynskjer tilgang til APIane?

Her er Luster Sparebank sine PSD2 API

For å kunne nytte våre PSD2 produksjons-API må du som tredjepart ha PSD2-konsesjon og gyldig eIDAS-sertifikat.
Ver vennleg å ta kontakt på [email protected] for meir informasjon

PSD2 oppetider

2024

2023:

2022:

2021:

2020:

2019:

Me ynskjer di tilbakemelding!