Gå til sideinnhold
Heim / Om Luster Sparebank

Om Luster Sparebank

Luster Sparebank er ein sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Me skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen – «Saman når me måla dine!».

luster sparebank

Din eigen rådgjevar

Hjå oss vil du få ein personleg rådgjevar som er tilgjengeleg for deg eller bedrifta di.

Raske svar

Som lokalbank har me kjapp saksbehandling og gir deg raskt svar.

Støttar lokalsamfunnet

Me gir tilbake til lokalsamfunnet.

Om banken

Banken har 30 tilsette, med hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune.

Luster Sparebank vart skipa i 1848. Dei tre lokale sparebankane: Luster Sparebank, Hafslo Sparebank og Jostedal Sparebank blei til ein bank i 1975.

Tilsette ved Luster Sparebank sin bedriftsmarknad ikledd turkle ute i naturen

Hjå oss står kunden i fokus

Me vil vere nær kundane våre og yte god sørvis og kvalitet i alle ledd. Me vil ha god kompetanse slik at me kan rettleie kundane våre på best muleg måte.

Me trur at nærleik, engasjement og trivsel skapar eit godt lagspel – både mellom banken og kundane og også mellom oss som tilsette i banken.

Gjennom personleg oppfølging skal me hjelpe kundane våre å nå måla sine!

magnhildograndi

Visste du at du kan vere kunde hjå oss, uansett kvar i landet du bur?

Luster Sparebank er ikkje berre for lustringar. Me har kundar over heile landet, og det er me stolte av. Felles for kundane våre er at dei ønskjer ein bank som er enkel å kome i kontakt med, med rask saksbehandling og ein personleg rådgjevar å ringe til.

Utsiktsbilde fra Molden over Lustrafjorden, over grønn fjord og høye fjell. Foto

Ein støttespelar for lokalsamfunnet

Idrettsbanen i Gaupne. FotoI Luster Sparebank har me ingen eigarar som skal ha sin del av overskotet. Kvart år deler me difor ut millionar til lokalsamfunnet, i form av sponsoravtalar og gåvetildelingar. 

_dsc5518

Våre samarbeidspartnarar

Me ynskjer di tilbakemelding!