Gå til sideinnhold
Heim / Forsikring / Barneforsikring
BUF Frende 2023

Barneforsikring

Forsikre framtida til det kjæraste du har. Frende sin barne- og ungdomsforsikring er kåra blant Norges beste ti år på rad. 

Best i test

Frende sin barne- og ungdomsforsikring er blant Norges beste fleire år på rad.

Låg pris, brei dekning

Det kostar kun 11 kroner per dag å sikre framtida til barnet ditt.

Mest nøgde kundar

År etter år viser undersøkingar at Frende har svært nøgde kundar.

Kvifor bør eg ha barne- og ungdomsforsikring?

Barne- og ungdomsforsikringa til Frende sikrar barnet og familien økonomisk dersom det skjer noko. Til dømes noko som gjer at foreldra må vere mykje heime frå jobb, at bustaden må byggast om eller for å sikre barnet si økonomiske framtid.

Ei av grunnane til at Frende si barne- og ungdomsforsikring har blitt kåra blant Norges beste gang på gang er at forsikringa har ein veldig god uførepensjon. Det er òg godt å vite at barnet ditt er sikra med ein automatisk overgang til vaksenforsikring etter fylte 27 år, utan å måtte søke om forsikring på nytt.

Med Frende si barne- og ungdomsforsikring kan ein få rask legehjelp via mobilen gjennom Eyr, utan ekstra kostnad.

Dette dekkar barneforsikringa

Forsikringa gjeld frå barnet ditt er tre månadar og ut året det fyller 26 år. To av dekningane fortset automatisk som vaksenforsikring frå året den som er forsikra fyller 27 år.

Forklaringane i tabellen under viser summane forsikringa dekker, rekna ut frå grunnbeløpet i folketrygden (G). Summen blir oppjustert den 1. januar kvart år.

Kjøp forsikring på nett eller få hjelp av rådgjevar

I nettbutikken kan du sjekke pris, rekne ut eit uforpliktande tilbod og fullføre kjøpet.

Me i banken hjelper deg også gjerne med å finne ut kva forsikringar som stemmer til ditt behov. Du får personleg oppfølging og sjølvsagt også dei same gode prisane når du kjøper gjennom oss, som når du kjøper forsikringane på nett.

Frende Forsikring

Luster Sparebank er ein av medeigarane i Frende Forsikring. Selskapet er kåra til «best i test» på fleire av sine forsikringar dei siste 10 åra og er eit trygt valg for deg. Frende har både totalkunderabatt og lojalitetsbonus. Me kan gjere forsikring enklare og meir lønsamt for deg som kunde.

Thomas Dalsøren

Snakk med oss om barne- og ungdomsforsikring

Norges beste reiseforsikring!

Ta med deg Norges beste reiseforsikring på ferie! Då er du dekka frå du reiser heimefrå og heilt til du er tilbake. 

Les meir om reiseforsikring her

Forsikre deg, ditt og dine.

Fornøgde kundar, trygt skadeoppgjer og best i test. Det er mange gode grunnar til å velje Frende Forsikring.

Få ei oversikt over alle person- og skadeforsikringar her.

Me ynskjer di tilbakemelding!