Gå til sideinnhold

Individuell pensjonssparing

senior_pensjon_PB

Med individuell pensjonssparing (IPS) kan du spare til pensjon og utsetje skatt.

Skattefordrag

Spar opp til 15 000 kr i året og få skatteutsetjing opp til 3300 kr.

Endre innbetaling

Du kan justere sparebeløpet undervegs

Målretta pensjonssparing

Du kan byrje å ta ut pengane når du fyller 62 år.

IPS er ei nyare form for pensjonssparing som gir fleire fordeler. Med IPS kan du spare opp til 15.000 kroner i året, og få ei skatteutsetjing på opp til 3.300 kroner. Du slepp å skatte for pengane før du tek dei ut som pensjon, og slik får avkasting på pengar som elles skulle ha vore innbetalt i skatt.

Med IPS slepp du formuesskatt på det oppsparte beløpet, og det er ingen skatt på avkastning i spareperioden.

Pengane kan du byrje å ta ut når du fyller 62 år, som anna pensjon. Du betaler p.t. kun 22 % skatt ved utbetaling.

Fordeler med IPS

  1. Spar opp til 15.000 kroner i året
  2. Få opp til 3.300 kroner i årleg skattefrådrag (p.t. 22% av årets sparebeløp)
  3. Ingen formuesskatt på oppspart beløp, og ingen skatt på avkasting i spareperioden
  4. Skatt som allminneleg inntekt ved uttak (22% i 2022)
  5. Sparebeløpet kan justerast undervegs
  6. Du vel sjølv spareprofil og fordeling mellom renter og aksjar

Viktig å tenke på

  • Sparepengane kan tidlegast takast ut når du er 62 år
  • Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år
  • Du kan spare i IPS frå du er 18 år til du er 75 år
  • Aksjefond mistar skjermingsfrådraget
  • Du kan starte ein spareavtale, setje inn eit eingongsbeløp, eller ein kombinasjon av begge deler

IPS-kalkulator

år
kr
kr
år
Forventa saldo ved år
Skattefordel i år
9 999
Tatt utgangspunkt i 50% aksjer og 50% obligasjoner, etter Finans Norges bransjestandard for avkastningsprognose, hensyntatt forvaltningshonorar. Med høyere aksjeandel vil forventet avkastning være høyere. Tallene er ikke inflasjonsjustert, altså ikke målt i dagens kjøpekraft.
Kjell Håvard Skeide

Har du spørsmål så hjelper me deg gjerne!

Dette lurer mange på om IPS

Er sparepengane i IPS låste?

Ja, sparepengane er låste. Set du pengane inn i IPS, må du vente med å ta ut pengane til du er 62 år. Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år.

Kva skjer med sparepengane i IPS dersom eg døyr?

Ved død skal pensjonskapitalen nyttast til barnepensjon. Om du ikkje har barn, vil det gå til etterlatnepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar.

Pensjonskapital som ikke vert nytta til barnepensjon eller etterlatnepensjon, vert utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbuet.

Har du ein «gamal» IPS-avtale?

Truleg vil det vere lønsamt å stoppe sparinga i «gamal» IPS-avtale (oppretta før 01.11.2017) og opprette ein ny med gunstigare skattereglar. Dersom du ynskjer det kan du likevel vidareføre sparinga på eksisterande IPS-avtale med same skattereglar som tidlegare. Har du sparing i både gamal og ny IPS-ordning, kan summen av årleg sparing i desse to ikkje utgjere meir enn 15 000 kroner.

Kan du overføre oppsparte midlar i dagens IPS til ny IPS?

Reglane rundt skatt er ulike mellom gamal IPS-sparing og den nye IPS-ordninga. Det er ikkje mogleg å overføre midlar frå gamal IPS til den nye IPS-ordninga.